Büyükçekmecesjøen (tyrkisk Büyükçekmece Gölü) er ein liman, danna der elva Karasudere renn ut i Marmarahavet. Han ligg sør for distriktet Çatalca vest for Istanbul i Tyrkia, og brukte å vere eit ferskvassreservoar.

Sandbanken ved innsjøen vart forsterka i 1988 av ei demning. Innsjøen har eit areal på 28,47 km². Han er 7 km lang, 2 km brei og er 8,6 meter på det djupaste. Innsjøen oppstod då avsetjingane frå Karasudere førte til at sandbanken vart danna. Det er mykje fisk i vatnet. Det går ei 635 meter lang bogebru over utløpet til innsjøen.

Ved nordenden av innsjøen ligg Istanbul Hezarfen lufthamn.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Büyükçekmece» frå , den 13. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Innsjøar i Tyrkia Kategori:Geografi i Istanbul Kategori:Marmararegionen