Relativ permittivitet, tidlegare kalla dielektrisitetskonstant, syner til forholdet mellom permittiviteten for eit stoff og permittiviteten for det tomme rommet. Denne storleiken er eit mål for evna ein isolator har til å bli elektrisk polarisert. Den relative permittiviteten vil vanlegvis variere med mellom anna temperatur og trykk. Kapasitansen for ein elektrisk kondensator er proporsjonal med den relative permittiviteten for isolasjonsmaterialet mellom kondensatorplatene.
Sjå òg Dielektrikum
Kjelder relativ permittivitet. (20.10.2011) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/relativ_permittivitet
Kategori:Elektrisitet Kategori:Elektriske og magnetiske felt i stoff Kategori:Kollodial kjemi
de:Dielektrizitätszahl fa:ثابت گذردهی خلأ fr:Constante diélectrique it:Costante dielettrica