Egil Sigurd Lillestøl () var ein norsk fysikar.
Lillestøl vart professor på Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen i 1984. Han arbeida mykje med å popularisere fysikkforsking, særleg for ungdom. Han oppheldt seg ved CERN i Sveits kvart vårsemester der han var ansvarleg for den europeiske og for den latinamerikanske skule i partikkelfysikk. Lillestøl var i seinare år opptatt av globale energispørsmål og ei mogeleg løysing på dei globale energiproblema i form av ein akseleratordriven kjernereaktor basert på thorium. Lillestøl tok til orde for å etablere bruk av atomkraft for å løyse den internasjonale energikrisa, og særleg gjekk han inn for at Noreg skulle bygge ein prototype på ein thoriumreaktor. Han hadde og forskingsopphald ved College de France i Paris og DESY i Tyskland.
Han dreiv mykje med populariseringsarbeid i form av radio- og fjernsynsprogram, avisartiklar og foredrag. Han var med å skreiv den populærvitskapelege boka The Search for Infinity (1994, norsk omsetjing, Ferden mot det uendelige, 1995).
Utmerkingar I 2007 vart han tildelt Norges forskningsråds formidlingspris for «formidling av grunnleggande fysikk til skuleelevar og publikum».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Egil Lillestøl» frå , den 15. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Slåss for norsk kjernekraft Gjesteforelesingar, Egil Lillestøl
Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Partikkelfysikarar Kategori:Norges Forskningsråds formidlingspris Kategori:Vitskapsfolk frå Bergen Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Folk tilknytte CERN