Basilikacisterna (tyrkisk Yerebatan Sarayı, «Det søkkte palasset» eller Yerebatan Sarnıcı, «Den søkkte cisterna»), er den største av fleire hundre cisterner frå antikken, som ligg under byen Istanbul (tidlegare Konstantinopel) i Tyrkia. Cisternen ligg 150 meter sørvest for Hagia Sofia på den historiske halvøya Sarayburnu, og vart bygd på 500-talet under regjeringstida til keisar Justinian I av Austromarriket.

Cisterna er om lag like stor som ein katedral og er eit underjordisk kammer som er kring 138 meter langt og 65 meter breitt. - Det er kring 9800 kvadratmeter stort og kan helde 80 000 kubikkmeter vatn. Taket vert heldt oppe av 336 marmorsøyler, kvar 9 meter høge. To av søylene har eit medusahovud skore inn i seg.

Cisterna vart filma i James Bond-filmen From Russia with Love frå 1963.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Basilica Cistern» frå , den 16. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Romerske cisterner Kategori:Cisterner i Istanbul Kategori:Reservoar i Tyrkia Kategori:Turistmål i Istanbul Kategori:Bysantinsk arkitektur