Provinsen Bolu (tyrkisk Bolu ili) er ein provins nordvest i Tyrkia. Det er ein viktig stad halvvegs mellom hovudstaden Ankara og den største byen i landet, Istanbul. Han dekkjer eit areal på 7 410 km² og har 271 208 (2010) innbyggjarar.
Provinsen er skogkledd og ligg kring byen Bolu, som har ei lang historie.
Distrikt Provinsen Bolu er delt inn i ni distrikt (hovuddistriktet er utheva): Bolu Dörtdivan Gerede Göynük Kıbrıscık Mengen Mudurnu Seben Yeniçağa
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bolu Province» frå , den 18. august 2012.
Bakgrunnsstoff Bolu guvernør si offisielle side Bolu kommune si offisille side
*