Provinsen Burdur (tyrkisk Burdur ili) er ein provins Tyrkia, sørvest i landet. Han grensar til Muğla og Antalya i sør, Denizli i vest, Afyon i nord og Isparta i aust. Han dekkjer 6887 km² og har kring 260 000 innbyggjarar. Provinshovudstaden er byen Burdur.
Burdur ligg i det såkalla «innsjøområdet» i Tyrkia med mange innsjøar av forskjellig storleik. Den største er Burdursjøen, kalla opp etter provinsen. Saldasjøen er den nest største og vert rekna for å vere ein av dei reinaste innsjøane i verda.
Distrikt Provinsen Burdur er delt inn i 11 distrikt (hovuddistriktet er utheva): Ağlasun Altınyayla Bucak Burdur Çavdır Çeltikçi Gölhisar Karamanlı Kemer Tefenni Yeşilova
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Burdur Province» frå , den 20. august 2012.
Bakgrunnsstoff Burdur-guvernøren si offisielle side Burdur kommune si offisielle side
*