Batman (kurdisk Êlih) er ein by Søraust-Anatolia i Tyrkia og administrasjonsstad i provinsen Batman. Han ligg på eit platå, 540 meter over havet, nær samløpet mellom elvane Batman-elva og Tigris. Batı Raman-oljefeltet, som er det største oljefeltet i Tyrkia, ligg like utanfor byen. Batman har ein lokal flyplass og ein militær flybase, som vart nytta i søk- og redningsoperasjonar under Golfkrigen.

Fram til 1950-åra var Batman ein landsby kalla Iluh med kring 3000 innbyggjarar. Då oljefelta vart oppdaga i 1940-åra førte det til rask utvikling i området og mange arbeidarar flytta inn frå andre delar av Tyrkia. I 1957 fekk landsbyen namnet Batman, kalla opp etter elva, og fekk bystatus. I løpet av dei neste 50 åra har byen vokse kraftig. Ei 511 km lang oljerøyrleidning vart bygd i 1967 frå Batman til hamnebyen Dörtyol nær det austlegaste punktet i Middelhavet for å transportere råolje frå raffineriet i Batman. I 1990 vart byen hovudstad i provinsen Batman.

Utanom olja, som er den dominerande næringa i regionen, produserer Batman drikkevarer, ferdigmat, kjemikaliar, møblar, sko, maskineri og transportutstyr. Det vart opna eit universitet i byen i 2007.

Geografi og klima Batman er bygd på eit flatt platå 540 meter over havet. Det er nesten ingen skog i og kring byen. Elva Iluh, ei sideelv til Batman-elva, renn gjennom byen. Byen har fleire gonger vorte råka av flaum, mellom anna i 1969, 1972, 1991, 1995 og 2006 (då 11 menneske omkom).Balaban, 147–149Balaban, 157: there is a likely misprint on p. 149 and the number of killed was 11 rather than 100

Batman har eit halvtørt kontinentalklima. Vintrane er kalde og fuktige, med mykje nedbør. Somrane er varme og tørre med temperaturar over 35 °C. I snitt har Batman mange solskinstimar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Batman, Turkey» frå , den 22. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Batman