Manisa (i antikken Magnesia ad Sipylum) er ein stor by i Egearregionen i Tyrkia og det administrative setet i provinsen Manisa, 30 km nordaust for Izmir. Byen har kring 340 000 innbyggjarar.
Han er eit handelssentrum i eit jordbruksdistrikt med vin, oliven og bomull. Det vert òg drive gruvedrift i omegnen. Byen er eit jernbaneknutepunkt.
Det moderne Manisa er eit blømande industri- og tenestesenter i nærleiken av storbyen İzmir. Den historiske Manisa spreidde seg ut frå ein skogkledd dal nedanfor fjellet Sipylus.
Antiokhos den store av Syria tapte her mot romarane i 190 fvt.
Klima Manisa har eit middelhavsklima med lange, varme, tørre somrar og korte, kjølige vintrar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Manisa» frå , den 22. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Manisa Kategori:Stader i Tyrkia frå gresk antikk Kategori:Romerske stader i Tyrkia