mini|Ein griff, sfinks, og kentaurar, detaljer frå ein frygisk bygning. mini|Frygiske soldatar, frå utgravingane i Gordion Frygia (gresk Φρυγία, tyrkisk Frigya) var eit kongedøme i den vestlege delen av Anatolia (Vesleasia) i kva som i dag er Tyrkia, sentrert rundt elva Sakarya (gresk Σαγγάριος, latin Sangarius). Frygarane var eit indoeuropeisk folk som truleg innvandra til vestlege Anatolia frå det som i dag er Makedonia på Balkan på slutten av bronsealderen. I løpet av 700-talet f.Kr danna frygarane sitt eige kongerike med hovudstad i Gordion.
Frygarane er mest kjende for sine sogekongar frå den heroiske tidsalderen i gresk mytologi: Gordias, kjend for den gordiske knuten som seinare vart løyst av Aleksander den store; Midas som vart «løna» av Dionysos ved at alt han rørde vart til gull; og Mygdon som låg i krig med amasonane, eit legendarisk krigarfolk av kvinner. Ifølgje Iliaden av Homer var frygarane allierte med trojanarane og deltok i den trojanske krigen mot grekarane.
Frygisk makt nådde høgdepunktet sitt på slutten av 700-talet under ein annan, historisk kong Midas som samtidige assyriske kjelder frå mellom 718 og 709 f.Kr kallar for Mit-ta-a. Han synest å ha dominert det meste vestlege og sentrale Anatolia og rivaliserte Assyria og Urartu for makta og overherredøme i austlege Anatolia. Denne seinare Midas var likevel òg den siste sjølvstendige kongen av Frygia før hovudstaden Gordion vart herja av kimmeriarar ein gong rundt 695 f.Kr Frygia vart deretter underlagt Lydia og deretter i rekkjefølge til Persia, Aleksander den store og hans seinare hellenistiske etterfølgjarar, Pergamon, Romarriket og Austromarriket. Frygarane vart gradvis assimilert inn i andre kulturar tidleg i mellomalderen, og namnet Frygia gjekk ut av bruk som namn på eit område etter den muslimske erobringa av Anatolia.
Opphav
Inskripsjonar funne i Gordion har slått fast at frygarane snakka eit indoeuropeisk språk der minst ein del av ordforrådet var likt gresk, og tilhøyrde openbert ikkje til dei anatoliske språka som vart snakka av naboane deira.Brixhe, Claude (2008): Phrygian i: Woodard, Roger D. (rei.): The ancient Languages of Asia Minor, Cambridge University Press, s. 72Bolaris, Miltiades E. (2010): Midas and the Phrygians Ifølgje ein av dei homeriske hymnene var frygisk ikkje gjensidig forståeleg med språket til trojanarane.Dei homeriske hymnene nummer 5, «Til Afrodite».
mini|venstre|Kart over Anatolia Ifølgje med den antikke tradisjonen blant gresk historikarar hadde frygarane i antikken utvandra til Anatolia frå Balkan. Herodot skriv at frygarane vart kalla for brygerar (eller brigerar) då dei levde i Europa.Herodot VII.73. Han og andre greske skribentar, som òg nedteikna legenda om kong Midas, har assosiert han med eller plassert opphavet hans i den historiske regionen Makedonia nord for Hellas. Herodot har til dømes sagt ein hage med villroser i Makedonia er kalla opp etter Midas.Herodot VII.73, VIII.138. Frygarane var òg av ein del antikke skribentar knytt til «mygdonarar», noko som er namn på to grupper av folk, eit som levde i nordlege Makedonia, det vil seie Mygdonia (gresk: Μυγδονία), eit område i Trakia i oldtida, og det andre i Mysia, ein region i nordvestlege Anatolia ved sørkysten av Marmarahavet med Bitynia i aust, Frygia i søraust, Lydia i sør og Aeolis i sørvest. Begge delar kan for så vidt vere riktige viss frygarane var eit folk som utvandra frå Mygdonia i Makedonia og til Mysia i Anatolia og vidare til det som vart heitande Frygia. Frygarane har dessutan vorte identifisert med bebrysarar, eit folk i Bitynia i nordvest i Anatolia mot kysten av Svartehavet, og som dei antikke kjeldene hevdar var i krig med Mysia før trojakrigen, og som hadde ein konge kalla Mygdon på omtrent same tid som det vart sagt at frygarane hadde ein konge ved namn Mygdon. Den klassiske historikaren Strabon grupperte frygarar, mygdonarar, mysarar, bebrysarar og bithynarar same som folkegrupper som utvandra til Anatolia frå Balkan.Strabon 7.3.3. Dette biletet av frygarar som ein del av ei nærskyld gruppe i dei nordvestlege anatoliske kulturane synest som den mest sannsynlege forklaringa på forvirringa frygarar, bebrysarar og anatoliske mygdonarar var eller var ikkje det same folket.
Dei openberre likskapane mellom frygisk språk og gresk, og den manglande likskapen med anatoliske språk som vart snakka av dei fleste naboane deira er teke til støtte for at frygarane hadde eit europeisk opphav.
mini|Den store gravhaugen i Gordion mini|Det indre gravkammeret i den store gravhaugen i Gordion. Ein del forskarar har teoretisert om ein slik utvandring kunne ha skjedd langt tidlegare enn kva dei antikke kjelde indikerer, og har freista å få frygiske innvandringa til å forklare samanbrotet til riket til hettittane og slutten på høgbronsealderen i Anatolia.Guisepi, Robert A. (2003): The Hittites. A history of the Hittites including their cities, kings, art and contributions to civilizationBlok, Josine (1995): The Early Amazons: Modern and Ancient Perspectives on a Persistent Myth, Brill, s. 291 I samsvar med denne nyare utvandringsteorien kan frygarane ha invadert rett før eller etter at riket til hettittane på byrjinga av 1100-talet f.Kr, fylla det politiske vakuumet i midtre Anatolia og kan ha vorte rekna med blant det såkalla «Havfolka» som egyptiske nedteikningar har gjeve grunngjevinga for hettittane sine samanbrot. Ein type handgjorte keramikkbehaldarar (engelsk Knobbed Ware, tysk Buckelkeramik)Provenance study of the Early Iron Age Knobbed ware in Troia, NW Turkey and the Balkans (PDF), Eberhard-Karls-Universität Tübingen 2005, engelsk med tysk samandrag som er funne i vestlege Anatolia i løpet av denne perioden har vorte tydingar å ha oppstått i sambandet med denne innvandringa.
Likevel har teorien om ein nyare frygisk innvandring ikkje fått generelt gjennomslag hos heile forskingsmiljøet og held i staden fast på teksten i Iliaden om at frygarane var allereie etablert ved elva Sakarya før trojakrigen, og må såleis ha vore der i løpet av dei seinare stadia av det hettittiske riket, og truleg seinare. Desse forskarane har i staden søkt etter opphavet til frygarane blant mange av nasjonane i vestlege Anatolia som var underlagt hettittane.Clapham, Phillip: «Hittites and Phrygians», C&AH IV:2, s.71-121. Denne fortolkinga får òg støtte frå greske legender om grunnlegginga av viktigaste byen i Frygia Gordion av Gordias og av Ancyra ved MidasPausanias 1.4.5., noko som indikerer at Gordion og Ancyra var frå ein dato frå før trojakrigen. Ein del forskarar avviser påstanden at ein frygisk innvandring er berre ei legende som truleg oppstod ved ein tilfeldig likskap i namna deira med brygarane.
Ingen har avgjerande identifisert ein av dei mange undersåttane av hettittane med kva som kan ha vore dei tidlege frygarar. Ifølgje ein antikk tradisjon, popularisert av den jødisk-romerske historikaren Flavius Josefus, kan frygarane likestillast med det landet som blir for kalla Togarmah av hebrearane i antikken, noko som igjen har vorte identifisert med Tegarama i hettittiske tekster og Til-Garimmu i assyriske skrifter. Josefus kalla Togarmah for «trugrammarar, som slik grekarane vedtok, var kalla frygarar.» Likevel er den greske kjelda som Josefus siterer ukjend, og det er uklart om det er noko grunnlag for identifikasjonen anna enn likskapen i namnet. Forskarar av hettittarar meiner at Tegarama må ha lege i austlege Anatolia, ein del lokaliserer det ved Gurun, noko som er langt austom Frygia. Ein del forskarar har identifisert Frygia med Assuwa-forbundet, og merkt seg at Iliaden nemner ein frygisk bror av dronning Hekabe som er kalla for Asios.Cambridge Ancient History (CAH), bind 2, del 2, s. 418. Eit anna mogleg tidleg namn til Frygia kan vere Hapalla, namnet på den mest austlege provinsen som oppstod frå samanbrotet til bronsealderen og nedgangen til det vestlege anatoliske riket Arzawa. Endå er forskarane usikre om Hapalla tilsvarar Frygia eller til Pisidia som ligg lengre sør.
Ytterlegare eit krav er gjort av Herodot at frygiske kolonistar grunnla ein armensk nasjon. Dette er truleg ein referanse til ei tredje gruppe menneske som vart kalla mygdonarar og som levde i nordlege Mesopotamia og var tilsynelatande allierte med armenarane; Xenofon skildra dei i verket sitt Anabasis ein felles hær med armenarane. Likevel er det lite som er kjent om desse austlege mygdonarane og det er ikkje avdekt nokre bevis på eit frygisk språk i denne regionen.
Bibelske Madai, son av Jafet, kan opphavleg ha vore ein referanse til Midas og frygarane. I Boka om Jubelåra i Det gamle testamentet om då verda var delt blant sønene og sonesønene til Noah, skal Madai opphavleg ha motteke regionen austom «Lud» (Lydia) og nord for Tubal (Tabal, tilsvarar med Lykia og vestlege Pamfylia). Likevel hadde Madai vedteke at han ikkje likte dette området og bad sønene til Sem om få busetje seg i Medea, som var i området deira. Denne forteljinga kan ha hatt til føremål å berre forklare kvifor Madai var den einaste sonen av Jafet viss etterkommarar, medarar, ikkje levde i Anatolia, øyane nær det, eller Sør-Kaukasus. Eller, forteljinga om den opphavlege arva til Madai i Frygia kan verne ein eldre tradisjon som identifiserer Madai med Midas og frygarane.
Historie Rundt tida av trojakrigen mini|Detalj frå dekorativt frygisk mønster avdekte i Gordion Iliaden har skildra heimlandet til frygarane at det var ved elva Sakarya, noko som vart verande sentrum av Frygia gjennom historia til landet. Ifølgje Iliaden var Frygia kjend for vinen si og hadde modige og dugelege hestemenn. Iliaden fortel dessutan at før trojakrigen hadde ein konge frå Troja, Priam, ført ein hær mot Frygia for støtte landa i krigen mot amasonene. Homer kallar frygarane for «folket til Otreos og gudlike Mygdon».Homer: Iliaden III.216-225. Ifølgje Euripides, Quintus Smyrnaeus og andre, deltok Koroibos, sonen til denne Mygdon, i den trojanske krigen og der han omkom i; han hadde dessutan søkt om handa til den trojanske prinsessa Kassandra for ekteskap.
Ifølgje Bibliotheca drap den greske helten Herakles ein kong Mygdon av bebrykane frå Bitynia i eit slag i nordvestlege Anatolia, men om dette var ei historisk hending ville det ha skjedd ein generasjon før trojakrigen. Ifølgje denne forteljinga stoppa Herakles i Mysia på ferd frå Minoa til landet til amasonane.Bibliotheca 2.5.10. I samsvar med dei fleste fortolkingar er bebrykane i Mysia eit alternativt namn for frygarane og denne Mygdon er den same som er nemnt i Iliaden.
Kong Priam frå Troja gifta seg med ein frygisk prinsesse, Hekabe,Homer: Iliaden XVI.873-875. og opprettheldt ein nær allianse med frygarane som gjengjelde alliansen med å kjempe «gloande» i trojakrigen mot grekarane.
Det er indikasjonar i Iliaden at sentrum for riket til frygarane låg lengre nord og nedover elva enn kva som var tilfelle i seinare historie. Frygarane som kom for å støtte Troja kom frå innsjøen Askania, dagens tyrkiske namn Iznik, i nordvestlege Anatolia, og var leda av Forkys og Askanios, sistnemnde eit opplagt eponym for namnet på innsjøen. Iliaden kallar frygarane for «folket til Otreos og den gudelike Mygdon»: namnet Otreos kan vere eit eponym for Otrea, eit stad ved innsjøen Askanios i nærleiken av den seinare hellenistiske byen Nikaea, og namnet Mygdon er openberra eit eponym for Mygdonia, eit folk som ifølgje Strabon levde i nordvestlege Anatolia og som ved ei tid synst å ha vorte oppfatta som fråskilde frå frygarane.Homer: Iliaden II.1055-1057; Smith, William (1878): A Dictionary of Greek and Roman Geography. London: J. Murray. s. 230. Likevel meinte Pausanias at grava til Mygdon var lokalisert ved Stectorium på det sørlege frygiske høglandet, nær dagens Sandikli.Pausanias 10.27
I ein av de homeriske hymnene er det sagt at Frygia er «rikt på festningar» og vart styrt av «kjende Otreos».Homeriske hymner, nummer 5, «Til Afrodite».
Det frygiske kongedømet mini|Rekonstruksjon av grava til «Midas» i Gordion