Zonguldak er ein by og administrasjonssenter i provinsen Zonguldak i Svartehavs-regionen i Tyrkia. Han blei grunnlagd i 1849 som hamneby for kolgruvene i nærleiken i Ereğli, og kolhandel har halde fram som ei viktig næring. Ved folketeljinga i 2009 hadde Zonguldak eit folketal på 108 792.

Klima Zonguldak har eit maritimt klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfb); med nedbør fordelt jamt utover året. Somrane er varme og fuktige, og normaltemperaturen er kring 21°C i juli og august. Vintrane er kjølige og fuktige, og normaltemperaturen er kring 6 °C in januar og februar.

Det er forholdsvis vanleg med snø mellom desember og mars, og snøen ligg gjerne ei veke eller to.

Vasstemperaturen er som langs heile den tyrkiske svartehavskysten låg og svingar mellom 8° og 20°C gjennom året.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zonguldak» frå , den 24. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Zonguldak Kategori:Tyrkiske hamnebyar ved Svartehavet Kategori:Busetnader grunnlagde i 1849 Kategori:Kystbusetnader i Tyrkia