Ağrı, tidlegare Karaköse og (før 1919) Karakilise, er administrasjonssenter i Tyrkia i Ağrı, nær grensa til Iran. Folkesetnaden i Ağrı består hovudsakleg av aserbajdsjanarar, kurdarar og tyrkarar. Byen har kring 100 000 innbyggjarar (2009).

Fjellet Ararat ligg 90 km sør for byen, nær Doğubeyazıt.

Klima Ağrı har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dfb) med store temperatursvingingar frå sommaren og vinteren. Somrane er forholdsvis korte, men varme med kjølige netter. Den normale makstemperaturen i august er 30 ºC. Vintrane er særs kalde og den normale minimumstemperaturen i januar er -16 ºC. Temperaturen når vanlegvis -40 ºC kvar vinter. Det snør ein god del om vinteren, og snøen ligg kring fire månader kvart år. Varmerekorden i byen er 37,6 °C den 31. juli 2000. Kulderekorden i Ağrı er -45,6 °C den 20. januar 1972.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ağrı» frå , den 24. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i provinsen Ağrı Kategori:Byar i Tyrkia