miniatyr|Bandstripe for Medaljen for edel dåd Lista over tildelingar av Medaljen for edel dåd omfattar mottakarar av Medaljen for edel dåd som er ei norsk utmerking for redningsdåd stifta i 1885. Lista dekker tildelingar i både gull og sølv sidan 1905 og er ikkje komplett.
Oversikta er i hovudsak basert på informasjon trykt i Statskalenderen, der det varierer kva opplysingar som er gitt. Utanlandske mottakarar er ikkje alltid oppgitt og lista er supplert med opplysningar frå pressa. Nasjonalitet er i nokre høve basert på skipet si heimehamn.
Frå 1966 spesifiserer ikkje Statskalenderen om medaljen er tildelt i gull eller sølv. Desse tildelingane er lagt inn som sølvmedaljar. Frå 1976 er heller ikkje norske mottakarar sitt namn nemnd i Statskalenderen, berre talet på utdelingar sidan førre utgåve. Statskalenderen opplyser at to tildelingar fann stad i 1977, men berre eit namn er identifisert ved medieomtale.
Medaljen for edel dåd er ei anna utmerking enn Forsvarets Medalje for Edel Dåd (stifta 1982) og Medaljen for redningsdåd til sjøs (stifta 1978). Lista omfattar ikkje tildelingar av desse medaljane.
Mottakarar sidan 1903