Iğdır (armensk Իգդիր, Igdir, òg Ցոլակերտ, Tsolakert, etter ein antikk by i nærleiken; aserbajdsjansk İğdır, Idir; armensk Îdir, Idir) er administrasjonssenter i provinsen Iğdır i Aust-Anatolia i Tyrkia, og grensar til Armenia, Aserbajdsjansk (Nakhtsjivan) og Iran. Byen har kring 75 000 innbyggjarar (2010).
Grensa mot Armenia går mot elva Aras. Det høgaste fjellet i Tyrkia, Ararat, ligg i provinsen Iğdır.
Byen har ei over tusenårig historie og er prega av plasseringa si ved grensa til Armenia og tidlegare Sovjetunionen. Byen hadde ein stor armensk folkesetnad fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen.
Klima Iğdır har eit halvtørt kontinentalklima med varme og tørre somrar og kalde og snørike vintrar. Iğdır er den tørraste byen i Tyrkia og grensar til ørkenklima, som ein ikkje har nokon stad i Tyrkia.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Iğdır» frå , den 25. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Iğdır