mini|Komposisjon med musikkinstrument og noteark. Komposisjon kan innan musikk visa til eit særskild musikkstykke, den strukturen musikkstykket har eller prosessen med å laga eit nytt musikalsk verk. Sjølve ordet «komposisjon» tyder 'å setja saman delar til ein heilskap', «komposisjon» i Store norske leksikon og folk som driv med komposisjon vert kalla komponistar. Omgrepet komposisjon kan også brukast innan fotografi, målarkunst, teikning og litteratur, men ordet «komponist» viser som oftast til ein som driv med musikk.

Komposisjonslære omfattar allmenn musikklære, harmonisering, kontrapunkt, instrumentasjon, musikalsk formlære og anna.«Komposisjon: musikk – 2» (18. mai 2012). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 24. april 2015.

Når ein komponerer musikk, er det vanlegaste å notera ned musikken ved hjelp av notar. Notesystemet kan visa kva slags takt musikkstykket skal ha, om takta skal varierast, kor høgt musikkvolumet skal vera på dei forskjellige partia, kva slags instrument som skal brukast, og så vidare. Nyttige teknikkar innan komposisjon er orkestrering og musikkteori. Ein annan komposisjonsmetode er improvisasjon, som tyder at ein nærmast komponerer samtidig som ein speler inn eit nytt musikkstykke.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Musical Composition» frå , den 27. august 2012.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikalske teknikkar Kategori:Musikkteori