Det norske kvinnelandslaget i handball er underlagt Norges handballforbund med Thorir Hergeirsson som trenar og representerer Noreg under internasjonale handballturneringar. Assistenttrenar er Mia Hermansson-Högdahl.Kvinnelandslaget på handball.no
Noreg har vore mellom dei mestvinnande handballnasjonane på kvinnesida sidan gjennombrotet under verdsmeisterskapen 1986, der laget vann bronsemedalje. Sidan då har Noreg vunne fem europameisterskap, to verdsmeisterskap og to OL-gull. Noreg har delteke i fire OL-finalar, og vann gull i Beijing i 2008 og i London i 2012. Med totalt åtte titlar er Noreg mestvinnande nasjon sidan 1986. For OL-gullet i 2008 vart laget tildelt Fearnleys olympiske ærespris. Laget er seks gonger kåra til «Årets lag» under Idrettsgallaen.
Femten norske spelarar har vore med å vinne både EM, VM og OL: Karoline Dyhre Breivang, Marit Malm Frafjord, Tonje Larsen, Kari Mette Johansen, Kristine Lunde-Borgersen, Katrine Lunde Haraldsen, Tonje Nøstvold, Linn-Kristin Riegelhuth Koren, Gøril Snorroeggen, Kari Aalvik Grimsbø, Else Marthe Sørlie Lybekk, Ida Alstad, Camilla Herrem, Heidi Løke og Linn Sulland.
Sjå òg Det norske herrelandslaget i handball
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Norges kvinnelandslag i håndball» frå , den 29. august 2012.
Fotnotar
Kategori:Handball i Noreg Kategori:Kvinnelandslag i handball H Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Skipingar i 1946 Kategori:Sport i Noreg i 1946