Jordskjelvet i Varto i 1966 var eit jordskjelv som skjedde 19. august 1966 i Varto i provinsen Muş aust i Tyrkia. Styrken på jordskjelvet var 6,9 på overflatebølgjemagnitudeskalaen og hadde ein intensitet på IX (valdsamt) på Mercalliskalaen. 2394 menneske mista livet og 1489 vart skadde. Jordskjelvet øydela alle byggverk i Varto.

Same året vart Varto råka av eit jordskjelv med styrke 5,6 den 7. mars 1966. Dette tok livet av 14 menneske og skadde 75.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «1966 Varto earthquake» frå , den 31. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Jordskjelv i Tyrkia Kategori:1966 i Tyrkia Kategori:Jordskjelv i 1966 Kategori:Provinsen Muş