Den norske filmfestivalen i Haugesund blir arrangert i byen kvar haust. Festivalen er eit aksjeselskap som har Film & Kino, Rogaland fylkeskommune og Haugesund kommune som eigarar. Kronprins Haakon er høg beskyttar for festivalen og Liv Ullmann er ærespresident.Om festivalen på dei offisielle nettsidene Det blir vist filmar frå mange ulike land og Amandaprisen blir utdelt i tilknyting til festivalen.

Den fyrste filmfestivalen vart halden i Drøbak i 1973. Festivalen heldt fram i åra som fylgte, men flytte no rundt frå by til by i Noreg. Amandaprisen vart utdelt fyrste gongen i 1985, og filmfestivalen vart arrangert fast i Haugesund frå og med 1987.Festivalsjef Gunnar Johan Løvvik: Nordens Cannes for 40. gang. Frå festivalkatalogen, 2012 Dei seinare åra har også New Nordic Films vorte arrangert under festivalen. Dette er eit forum for auka internasjonal lansering av nye, nordiske filmar.Filmfestivalen sine nettsider om New Nordic Films

Andre prisar

I tillegg til Amandautdelinga blir det delt ut fleire prisar under festivalen. Desse er:

Den norske filmkritikarprisen Gledessprederen Publikumsprisen Viaplay Nordiske Filmpris Haugesund The Norwegian International Film Festival and Liv Ullmann's Honorary Award Haugesund bys faun Andreasprisen Arne Hestenes' journalistprisFilmfestivalen sine nettsider om festivalprisane

Fotnotar

Kategori:Filmfestivalar i Noreg Kategori:Skipingar i 1973 Kategori:Kultur i Haugesund Kategori:1973 i Noreg