Dnepr-Bugestuaret (ukrainsk Дніпровсько-Бузький лиман) er eit ope estuar, eller liman, av dei to elvane Dnepr og Sørlege Bug. Det ligg på nordkysten av Svartehavet, sør i Ukraina. Den viktigaste byen ved estuaret er Otsjakiv.
Estuaret består av to delar, det breie Dneprestuaret (55 km langt, opp til 17 km breitt), og det smale Bugestuaret (47 km langt, frå 5 til 11 km breitt). I snitt er djupna 6–7 m og den største djupna er 12 m.
Estuaret vert nytta som skipslei, som fritidsområde og fiske.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dnieper-Bug Estuary» frå , den 2. september 2012.
Kategori:Estuar i Ukraina Kategori:Estuar i Svartehavet Kategori:Bukter i Ukraina *