Svitjaz (ukrainsk Сві́тязь) er den djupaste innsjøen i Ukraina med ei djupne på 58,4 meter på det meste. Han er den nest største innsjøen i landet og høyrer til Sjatskyjsjøane som ligg i Polissja (Volyn oblast) heilt nordvest i Ukraina, nær grensa til Polen og Kviterussland. Innsjøen er ein del av Sjatsk nasjonalpark (Sjatsk rajon, Volyn oblast). Midt i innsjøen ligg ei øy på sju hektar. Innsjøen dekkjer eit areal på 25,2 km², og har ei middeldjupne på 6,9 m. Sikta i vatnet er 8 meter. Innsjøen er 9,3 km lang og 8 km på det breiaste. Volumet er 180 millionar m³.

Innsjøen vert varm om sommaren og det reine vatnet og den sandete botnen gjer at han er ein særs populær badeplass.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Svitiaz» frå , den 2. september 2012.

Kategori:Innsjøar i Ukraina Kategori:Volyn oblast Kategori:Verneområde i Ukraina Kategori:Turistmål i Volyn oblast