Prypjat (ukrainsk При́пять; russisk При́пять, Pripjat’) er ein spøkelsesby nær Tsjernobyl atomkraftverk innanfor Tsjernobylsona i Kiev oblast (provins) nord i Ukraina, nær grensa til Kviterussland.

Byen har ein spesiell status i Kiev oblast og er direkte underlagt oblastet, sjølv om han ligg innanfor grensa til Ivankiv rajon. Byen vert òg styrt av Beredskapsdeparementet i Ukraina som ein del av styret av den lukka Tsjernobylsonen.

Pripjat vart grunnlagd i 1970 for å huse arbeidarane i Tsjernobyl atomkraftverk. Han fekk offisielt bystatus i 1979, men vart fråflytta i 1986 etter Tsjernobylulukka. Han var den niande atombyen (russisk атомоград, atomograd) i Sovjetunionen på den tida og hadde kring 50 000 innbyggjarar før ulukka.

Janov jernbanestasjon låg mindre enn 1 km frå byen og den farbare elva Pripjat flyt i nærleiken.

mini|venstre|Panoramabilete av Pripjat i mai 2009. mini|venstre|Tsjernobyl atomkraftverk med måling av radioaktivitet i 2003. Tilkomsten til Pripjat var ikkje lukka, som så mange andre byar i Sovjetunionen, sidan atomkraftverket her vart rekna som tryggare enn andre typar kraftverk. Opphavleg var planen å byggje atomkraftverket berre 25 km frå Kiev, men Det ukrainske vitskapsakademiet var uroa over nærleiken til byen. Atomkraftverket og Pripjat vart derfor bygd der dei no ligg, kring 100 km frå Kiev. Etter katastrofen vart Pripjat evakuert i løpet av to dagar.

mini|250px|Parisarhjulet i Pripjat.

I 1986 vart byen Slavutytsj bygd opp for å erstatte Pripjat. Mange av bygningane i Pripjat har blitt vandaliserte og plyndra gjennom åra og bygningane har ikkje blitt vedlikehaldne sidan 1986. Det veks tre på somme tak og sjølv inne i somme bygningar.

Tryggleik Det er relativt trygt å vitje Tsjernobylsona i dag, og fleire ukrainske selskap tilbyr guida turar til området. Strålingsnivået er kraftig redusert, samanalikna med dei dødelege nivåa i april 1986. Dei fleste stadane i byen er strålingsnivåa ikkje over ein ekvivalent dose på 1 μSv (1 mikrosievert) per time.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prypiat» frå , den 7. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bilete frå Tsjernobyl 1986 av Tom Bossi med bilete av Pripyat Guida tur til Tsjernobyl

Kategori:Byar i Kiev oblast Kategori:Tsjernobylulukka Kategori:Spøkelsesbyar Kategori:Nye byar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1970 Kategori:Tidlegare busetnader i Ukraina