Uzj (ukrainsk Уж) er ei elv, ei høgre sideelv til Pripjat, som munnar ut i Kievreservoaret sentralt i Ukraina. Ho spring ut i Zjytomyr oblast i det nordlege Ukraina og renn like ved deltaet til Berezina. Uzj renn så nær byen Tsjernobyl i Kiev oblast før ho munnar ut i Pripjat.

Elva er 256 km lang og har eit nedslagsfelt som dekkjer 8080 km². Elva frys til om vinteren og tinar først i mai. Mykje av vassføringa i elva kjem frå smeltevatn om våren.

Byen Korosten ligg ved elva Uzj.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Uzh River (Northern Ukraine)» frå , den 3. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elvar i Ukraina