Boltysjkrateret er eit nedslagskrater i Kirovohrad oblast i Ukraina. Krateret har ein diameter på 24 km og er 65,17 ± 0,64 millionar år gammalt. Med feilkjelda er dette i same tidsperioden som Chicxulubkrateret vart danna i Mexico og samstundes med krit-palogen-grensa (K–Pg-grensa). Ein trur at Chicxulub-nedslaget har skapt ei masseutrydding mot slutten av krittida, som medførte at dinosaurane døydde ut. Boltysjnedslaget skjedde truleg fleire tusen år før Chicxulub, og indikerer at utryddinga kan ha vorte driven av fleire meteornedslag over ein lengre periode for kring 65 millionar år sidan.
Boltysjkrateret ligg sentralt i Ukraina, i området kring Tiasmyn, ei sideelv til Dnepr. Det har ein diameter på 24 km og er omgjeve av breksje bevart over eit område på . Det er estimert at like etter nedslaget så ville jord og stein ha spreidd seg ut over eit område på , som vart dekt av eit lag på minst 1 meter eller meir. Krater var på den tida 600 meter djupt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Boltysh crater» frå , den 4. september 2012. oppgav desse kjeldene: Grieve R.A.F., Reny G., Gurov, E.P., Ryabenko V. A. (1985), Impact Melt Rocks of the Boltysh Crater, Meteoritics, v. 20, p. 655 Gurov E.P., Gurova H.P. (1985), Boltysj Astrobleme: Impact Crater Pattern with a Central Uplift, Lunar & Planetary Science XVI, s. 310–311 Kashkarov L.L., Nazarov M.A., Lorents K.A., Kalinina G.V., Kononkova N.N. (1999), The Track Age of the Boltysj Impact Structure, Astronomicheskii Vestnik, v. 33, p. 253 Kelley S.P., Gurov E. (2002), The Boltysj, another end-createous impact, Meteoritics & Planetary Science, v. 37, s. 1031–1043 Jolley D., Gilmour I., Gurov E., Kelley S., Watson J. (2010) Two large meteorite impacts at the Cretaceous-Paleogene boundary Geology. september 2010, v. 38, s. 835–838,
Kategori:Krater i Ukraina Kategori:Krater frå krittida Kategori:Krater frå paleocen Kategori:Masseutryddingar Kategori:Kirovohrad oblast