Jan Niklas Patrik Sjöberg () er ein tidlegare svensk høgdehoppar. Patrik Sjöberg heldt ei tid verdsrekorden i høgdehopp før han vart slått av cubanaren Javier Sotomayor. Sjöberg sin rekord frå 1987 på 2,42 m er framleis gjeldande europeisk rekord. Den einaste som per i dag har hoppa høgare, er Sotomayor med verdsrekorden på 2,45.

Patrik Sjöberg er fire gonger europameister i innandørs-EM. I tillegg vart han verdsmeister i innandørs-VM i Paris i 1985 og har fleire medaljar frå seinare innandørs-VM. Ein av Patrik Sjöbergs største prestasjonar var då han vart verdsmeister i høgdehopp under VM i friidrett 1987 i Roma. Her hoppa han 2,38 m.

Sjöberg deltok i OL for fyrste gong under sommar-OL 1984 i Los Angeles. Her tok han sølvmedaljen med eit hopp på 2,33. Vinnaren vart vesttyske Dietmar Mögenburg. Under sommar-OL 1988 i Seoul hoppa Sjöberg heile 2,36, altså høgare enn i Los Angeles, men enda likevel på delt tredjeplass og fekk bronsemedaljen. I sommar-OL 1992 i Barcelona gjekk gullet til verdsrekordhaldaren Javier Sotomayor, og Sjöberg fekk eit nytt OL-sølv. Sotomayor og Sjöberg hoppa begge over 2,34, men av di Sotomayor greidde det på fyrste forsøk, og Sjöberg på andre, vart medaljefordelinga som ho vart.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Patrik Sjöberg» frå , den 4. september 2012.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Svenske høgdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Sverige Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992