Khortytsia (ukrainsk Хо́ртиця, Khortytsja, russisk Хо́ртица, Khortitsa, polsk Chortyca) er eit nasjonalt kulturelt verneområde som ligg på ei av dei største øyane i elva Dnepr i Ukraina.
Øya har spelt ei viktig rolle i historia til Ukraina, særleg historia til zaporozje-kosakkar. Denne historiske staden ligg innanfor byen Zaporizjzja. Ho strekkjer seg 12 km frå nordvest til søraust og er i snitt 2,5 km brei. Øya har eit unikt dyre- og planteliv, med eikelundar, granskog, enger og sletter. Den nordlege delen av øya er særs berglendt og strekkjer seg 30 meter over elva, medan sørsida er låg og flaumutsett.
Øya har vore busett i minst 5000 år og her finst spor etter skytarane og tidlegare kosakkiske festningar. I mellomalderen låg øya langs handelsruta frå væringane til grekarane.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Khortytsia» frå , den 6. september 2012.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Øyar i Ukraina Kategori:Elveøyar i Europa Kategori:Ukrainsk historie Kategori:Museum i Ukraina Kategori:Ukrainske kosakkar Kategori:Stader frå norrøn tid Kategori:Tidlegare busetnader i Ukraina Kategori:Verneområde i Ukraina Kategori:Verneområde oppretta i 1983 Kategori:Museum i Zaporizjzja oblast