Pop Ivan (ukrainsk Піп Іван; polsk Pop Iwan) er det tredje høgaste fjellet (etter Hoverla og Brebeneskul) i Tsjornohora (Czarnohora) i Ukraina med ei høgd på 2022 meter over havet.
I mellomkrigstida (1918-1939) markerte toppen den polsk-tsjekkoslovakiske grensa, og frå mars 1931 den polsk-ungarske grensa. Det var mange småtreffingar mellom OUN og polske grensevakter i området.
På toppen av Pop Ivan bygde polske styresmakter i 1936-1938 eit imponerande byggverk - eit astronomisk og meteorologisk observatorium, som vart kalla Biały Słoń, den kvite elefanten. I dag er byggverket i ruinar.
I dag ligg Pop Ivan, i lag med Czarnohora-fjella, i Ukraina.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pop Ivan» frå , den 7. september 2012.
Kategori:Fjell i Ukraina Kategori:Fjell i Aust-Karpatane