László Tábori () var ein ungarsk tidlegare friidrettsutøvar som utvandra til USA. Han tevla spesielt i mellom- og langdistanseløp.

Biografi

László Tábori tok til å satsa aktivt på friidretten i 1950-åra. Den 6. september 1955 deltok han i 1500 meter på Bislett stadion i Oslo. Både Tábori og dansken Gunnar Nielsen tangerte verdsrekorden på 1500 meter som tilhøyrte ungarske Sándor Iharos: 3,40.8. IAAF si statistikkhandbok, 2009

Dei einaste olympiske leikane Tabori deltok i, var Sommar-OL 1956 i Melbourne. Leikane fann stad samtidig med den blodige oppstanden i Ungarn, og var difor ei vanskeleg tid for ungararane. Sándor Iharos deltok ikkje i Melbourne-OL, og ein annan ungarsk storfavoritt rauk ut før finalen. Tábori kvalifiserte seg derimot til 1500 metersfinalen der han kom på ein respektabel fjerdeplass. Han deltok også i 5000 meter og enda på sjetteplass.

László Tábori kom aldri tilbake til Ungarn etter leikane, men reiste til USA, der han slo seg ned i Los Angeles. Av di han korkje kunne delta for Ungarn eller for USA i 1960, fekk han ikkje delta i det neste OL. Han deltok heller ikkje i fleire store internasjonale tevlingar. László Tábori var sidan aktiv som friidrettstrenar i USA. Tábori si offisielle treningsnettside.

I 1990 var László Tábori ein av ni idrettsutøvarar som vart tildelt Bislett-medaljen for historiske idrettsbragder på Bislett stadion.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «László Tábori» frå , den 10. september 2012.

Fotnotar

Kategori:Ungarske mellomdistanseløparar Kategori:Langdistanseløparar Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956