Holidays in Eden er det sjette studioalbumet til det det britiske rockebandet Marillion. Albumet vart utgjeve i juni 1991.
Albumet nådde 7. plass på den britiske albumlista.everyhit.com Det vart utgjeve tre singlar frå albumet. «Cover My Eyes (Pain and Heaven)» kom ut i mai 1991 og nådde 34. plass på den britiske singellista. «No One Can» kom ut i juni og nådde 33. plass. «Dry Land» kom ut i september og nådde 34. plass.everyhit.com
Arbeidet med det førre albumet, Seaons End, hadde gått overraskande glatt for Marillion. I stor grad skuldast nok det at songar Steve Hogarth hadde hatt med seg fleire idear då han vart medlem i gruppa, og at gruppa på det tidspunktet allereie hadde jobba med musikalske idear i ganske lang tid. Dessutan var både den nye songaren og resten av gruppa særleg skjerpt og ville gjere eit godt inntrykk på kvarandre. Då det var tid for å lage neste album, måtte dei starte heilt frå grunnen av, og det vart ein vanskelegare prosess. Det viste seg at Steve Hogarth og resten av gruppa hadde to ulike metodar for å komponere musikk.
Marillion hadde planlagt å bruke Chris Kimsey som produsent for det nye albumet. Han hadde vore produsent for albuma Misplaced Childhood (1985) og Clutching at Straws (1987), med godt resultat. Men Kimsey var oppteke med produsentjobb for The Rolling Stones og hadde ikkje tid, og dermed måtte Marillion finne ein annan produsent. Dei valde Christopher Neil, som tidlegare blant anna hadde produsert Mike + The Mechanics. Han lova å ikkje gjere Marillion til Mike + The Mechanics, men likevel vart Holidays in Eden det mest pop-prega albumet til Marillion.
Holidays in Eden vart utgjeve i remastra utgåve i februar 1998, med demoversjonar, B-spor og alternative versjonar. Albumet finst òg i ein remastra utgåve utan bonus-CD-en.
Innhald
Amerikansk versjon
Medverkande Steve Hogarth – vokal Steve Rothery - gitarar Mark Kelly - tangentinstrument Pete Trewavas - bass Ian Mosley - trommer
Lister Album ÅrListePlassering1991UK Album Chart7
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Holidays in Eden» frå , og «Holidays in Eden» frå den 11. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Marillion-album Kategori:Musikkalbum frå 1991 Kategori:Album produserte av Christopher Neil