Gary Lee Weinrib () betre kjend som Geddy Lee, er ein kanadisk musikar, mest kjend som solovokalist, bassist og klaverspelar for den kanadiske rockegruppa Rush. Lee vart medlem av Rush i september 1968, etter å ha vorte invitert inn av barndomsvenen Alex Lifeson. Han erstatta då bassist og frontmann Jeff Jones.

Lee er ein prisvinnande musikarar og stilen, teknikken og dugleiken hans på bassgitar har inspirert mange rockemusikarar som Cliff Burton frå Metallica, Steve Harris frå Iron Maiden, John Myung frå Dream Theater, Les Claypool frå Primus,"You Say It's Your Birthday: Les Claypool of Primus" Addicted to Noise Frank Bello frå Anthrax, Jason Newsted frå Voivodhttp://ole.francite.com/metallica/jason.htm, Juan Alderete frå The Mars Volta og Tim Commerford frå Rage Against the Machine.

I tillegg til låtskrivinga, arrangementa og konsertane med Rush, har Lee spelt med mange andre band, som Rocket Science. Det første soloalbumet til Lee, My Favourite Headache, kom ut i 2000.

I lag med bandkollegaene i Rush - gitarist Alex Lifeson og trommeslagar Neil Peart – vart Lee Offiser i Order of Canada i 1996. Trioen vart det første rockehandet som vart æra på denne måten, som ei gruppe."Rush highlights" , MapleMusic (accessed mai 23, 2007). Lee er rangert på 13. plass av Hit Parader på lista deira over dei 100 beste Heavy Metal-vokalistane gjennom tidenen.

Prisar Bass «Hall of Fame» – Guitar Player Magazine 6 gongar vinner: «Best Rock Bass» – Guitar Player Magazine 1993 – «Best Rock Bass Player» Bass Player kåra av lesarane 1994 – Juno Hall of Fame 1996 – Offiser av «the Order of Canada», saman med bandkollegaer Alex Lifeson og Neil Peart

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Geddy Lee» frå , den 12. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Rush - offisiell side

Kategori:Kanadiske bassistar Kategori:Kanadiske songarar Kategori:Kanadiske klaverspelarar Kategori:Kanadiske låtskrivarar Kategori:Kanadiske jødar Kategori:Folk frå Toronto Kategori:Officers of the Order of Canada Kategori:Rush-medlemmar