Power Windows er det 11. studioalbumet av det kanadiske progressive rockebandet Rush. Albumet vart utgjeve i 1985 på Mercury Records.

Power Windows var nok eit døme på at Rush trekte meir synthesizerar inn i musikken. Tekstene på albumet Power Windows er for det meste fokusert på politiske og urbane tema. Til dømes songen «Manhattan Project», som er inspirert av «Manhattanprosjektet» – utviklinga av den første atombomba. Songen «Middletown Dreams» vender tilbake til der Signals avslutta, med eit tema som omhandlar flukta frå forstadane.

Songen «Territories» omhandlar seksjonalismen rundt om i verda.

Som ein heilskap representerer Power Window toppen av synthesizerperioden til Rush, sjølv om deira neste album Hold Your Fire inneheld omtrent like mange synthesizerar.

Innhald

Medverkande Rush Geddy Lee - solovokal, bass, synthesizer Alex Lifeson - gitar Neil Peart - trommer, perkusjon

Andre medverkande Andy Richards - tangentinstrument Jim Burgess - synthesizer Anne Dudley - strykearrangement Andrew Jackman - dirigent, korarrangement The Choir - vokal

Lister Album ÅrListePlassering1985Billboard 200 (Nord-Amerika)10RPM100 Album (Canada) 9UK Album Charts9Sverige26GfK Nederland44

Salstrofé LandOrganisasjonSalUSARIAAPlatina (1 000 000)CanadaCRIAPlatina (100 000)StorbritanniaBPISilver (60 000)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Power Windows (album)» frå , og «Power Windows» frå den 13. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rush-album Kategori:Musikkalbum frå 1985 Kategori:Anthem Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Album produserte av Peter Collins