Bila Tserkva (ukrainsk Бiла Церква, polsk Biała Cerkiew, russisk Белая Церковь, tyder Kvit kyrkje) er ein by ved elva Ros i Kiev oblast (provins) sentralt i Ukraina, kring 80 km sør for hovudstaden Kiev. Byen har litt over 200 000 innbyggjarar.
Historie
Byen vart grunnlagd i 1032 som Jurijev av Jaroslav den vise, som hadde førenamnet Jurij. Frå 1363 høyrte byen til Storhertugdømet Litauen og frå 1569 til Det polsk-litauiske samveldet. Byen fekk Magdeburgrettar i 1620 av Sigismund III Vasa.
Ein fredsavtale mellom Det polsk-litauiske samveldet og ukrainsk kosakkar under Bohdan Khmelnytskyj vart signert her i 1651.Paul Robert Magocsi, A history of Ukraina, universitet of Toronto Press, 1996, p. 205
Frå andre halvdel av 1700-talet vart Bila Tserkva eigedomen til Branicki-familien. Franciszek Ksawery Branicki, den polske storhetmanen, bygde byresidensen sin her - eit vinterpalass mog ein landleg residens med parken Aleksandria, kalla opp etter kona. Bila Tserkva vart annektert til Det russiske imperiet som følgje av den andre delinga av Polen i 1793. I sovjettida vart Bila Tserkva eint stort industrisenter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bila Tserkva» frå , den 15. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Informasjon om Bila Tserkva
Kategori:Byar i Kiev oblast Kategori:Skipingar i 1032 Kategori:Busetnader grunnlagde på 1000-talet Kategori:Shtetlar