Baltiske språk er ei gruppe indo-europeiske språk som blir tala aust for Austersjøen. Latvisk, litauisk og det utdøydde gammalprøyssisk høyrer til denne språkgruppa.

Døme på slektskap:

Norsk: Gud gav tenner, Gud skal gi brød. Latvisk: Dievs deva zobus, Dievs dos maizes donu. Litauisk: Dievas dave dantis, Dievas duos duonos. Latin: Deus dedit dentes, Deus dabit panem. Sanskrit: Devas adahat datas, Deva dat dhanas.

Estland høyrer til dei baltiske landa, men estisk høyrer til ikkje dei baltiske språka. Det er derimot eit austersjøfinsk språk i slekt med finsk.

Kategori:Indoeuropeiske språk