Nikopol (ukrainsk Ні́кополь; russisk Ни́кополь; gresk Νικόπολις, tyder Sigersbyen) er ein by i Ukraina i Dnipropetrovsk oblast, ved høgrebreidda av elva Dnepr, kring 100 km sørvest for Dnipropetrovsk. Han har kring 120 000 innbyggjarar (2010) og er den tredje største byen i oblastet og blant dei 50 største i landet. Byen er eit senter for industri og samferdsel og ligg ved Kakhovkareservoaret.
Byen var tidlegare ein kosakkplass med namnet Nikitin Rog, og fekk bystatus og det noverande namnet sitt i 1782. I løpet av slutten på 1800-talet vart han ein viktig industriby.
Grava til kosakkleiaren Ivan Sirko ligg i Nikopol.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nikopol, Ukraine» frå , den 16. september 2012.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Byar i Dnipropetrovsk oblast Kategori:Busetnader grunnlagde i 1782 Kategori:Byar ved Dnepr