Dee Palmer (), opphavleg David Palmer, var ein engelsk komponist, musikalsk arrangør, og klaverspelar som er mest kjend for å ha vert medlem av rockegruppa Jethro Tull.
Tidleg karriere Palmer studerte komponering ved Royal Academy of Music med Richard Rodney Bennett. Ho vart Fellow of The Royal Academy of Music i 1994.
Jethro Tull og andre verk
I den tidlege karrieren sin som arrangør og dirigent medverka Palmer på det første albumprosjektet sitt, Nicola, i 1967 med Bert Jansch. Palmer vart så vist til Terry Ellis, manageren for Jethro Tull på den tida, som spelte inn det første albumet sitt i Sound Techniques Studio i Chelsea i London. På kort varsel laga Palmer eit arrangement for blåsarar og strykarar på Mick Abrahams-songen «Move on Alone» frå albumet This Was. Dette arbeidet knytte henne til bandet og skreiv så arrangementet for strykekvartetten på «A Christmas Song». Palmer arrangerte strykarar, blåsarar for Jethro Tull-songar seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra, før ho formelt vart medlem av gruppa i 1976 der ho spelte klaverinstrument. I 1980 ønskte frontmannen Ian Anderson å gje ut albumet A med andre musikarar som eit soloprosjekt (under namnet «Ian Anderson»), men vart overtalt av plateselskapet til å gje det ut som «Jethro Tull». Det førte til at alle medlemmane i gruppa, inkludert Palmer, og utanom gitaristen Martin Barre og Anderson sjølv, forlét bandet. Palmer danna gruppa Tallis i lag med tidlegare Jethro Tull-pianist og organist John Evan. Den nye gruppa selde ikkje dårleg, og Palmer gjekk attende til å lage filmmusikk og arbeide i studio.
Frå byrjinga av 1980-åra produserte Palmer fleire album med orkesterarrangement av musikk av forskjellige rockegrupper, som Jethro Tull, Pink Floyd, Genesis, Yes, The Beatles og Queen.
I 1990-åra produserte hao albumet Norske Popklassikere med London Symphony Orchestra med arrangement av norske rock- og popklassikarar. Dette albumet selde til gullplate i Noreg.
Kjønnsskifte I 2003 fortalde Palmer om kjønnsendringa si frå mann til kvinne, og om det nye førenamnet sitt Dee. Palmer var fødd tvikjønna, men vart rekna som gut frå fødselen. Ho gjekk gjennom fleire operasjonar, dei siste seint i 20-åra. Palmer sa at identitetsforvirringa hadde vore ein del av livet sidan ho var ung, men tredde fram att etter at kona Maggie døydde i 1995.
Jethro Tull-diskografi med Palmer Orkesterarrangement for: This Was (1968) Stand Up (1969) Benefit (1970) Aqualung (1971) Thick as a Brick (1972) War Child (1974) Minstrel in the Gallery (1975) Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! (1976)
Som fulltidsmedlem: Songs from the Wood (1977) Heavy Horses (1978) Bursting Out (konsertalbum 1978) Stormwatch (1979) Nightcap : The Unreleased Masters 1972-1991 (1993) Live at Madison Square Garden 1978 (DVD 2009)
Symfoniske arrangement A Classic Case, òg kjend som Classic Jethro Tull (1986) We Know What We Like (Genesis) (1987) Orchestral Maneuvers: The Music Of Pink Floyd (1991) Symphonic Music of Yes (1993) Passing Open Windows: A Symphonic Tribute to Queen (1996) Norske Popklassikere (1997) - selde til gullplate i Noreg. Orchestral Sgt. Pepper's (versjon av The Beatles-albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dee Palmer» frå , den 17. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff http://missdeepalmer.com/
Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Jethro Tull-medlemmar Kategori:Musikarar frå London Kategori:Folk frå Wolverhampton