Songs from the Wood er det tiande studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, utgjeve i februar 1977. Albumet var ei ny retning for bandet basert på britisk heidensk folklore og landsbyliv i ein folkrockstil som kombinerer tradisjonelle instrument og melodiar med trommer og elektrisk gitar frå hardrocken.
Det vert rekna som det første i ein trio av folkrockalbum (Songs from the Wood, Heavy Horses (1978) og Stormwatch (1979)).
På albumet står det ein lengre undertittel: «Jethro Tull – with kitchen prose, gutter rhymes and divers – Songs from the Wood» eller «Jethro Tull - med kjøkkenprosa, rennesteinsrim og diverse - Songs from the Wood». To av desse uttrykka dukkar opp i teksten på tittelsporet.
Produksjon Albumet vart spelt inn like etter turneen etter det førre albumet, Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! (1976). Anderson ønskte å endre den musikalske stilen til bandet. Han hadde mellom anna produsert album i folkrockmiljøet, som Steeleye Span sitt Now We Are Six (1974). Anderson sa: «Etter Too Old to Rock and Roll drog me heim til England og eg slo meg ned, gifta meg og kjøpte eit hus. Det gav meg høve til å evaluere og reflektere over den kulturelle og historiske tydinga av å forplikte seg det å bu i England.»
Albumet var det første Jethro Tull-albumet med klaverspelaren David Palmer som offisielt bandmedlem, som gjorde musikken meir kompleks og variert. Både Palmer og Martin Barre bidrog med å skrive musikk til albumet.
På songen «Jack-in-the-Green» spelar Ian Anderson alle instrumenta sjølv.
Musikalsk stil og tema Albumet er fylt med bilete frå britisk mellomalder (særleg i «Jack-in-the-Green», «Cup of Wonder» og «Ring Out Solstice Bells»), og dekorative folk-arrangement (som på «Velvet Green» og «Fire at Midnight»), eller meir eksperimentell musikk som på «Pibroch (Cap in Hand)» der Martin Barre simulerer sekkepiper på gitaren. Albumet er eit steg til sida frå hardrocken på tidlegare Jethro Tull-album, sjølv om det framleis er element av den eldre stilen til bandet. Anderson var dels inspirert av boka Folklore, Myths and Legends of Britain som han fekk av den dåverande manageren til Tull, Jo Lustig i 1976. I følgje Anderson gav boka «meg heilt klårt tankar om figurar og soger som dukka opp i songane mine på Songs From the Wood, som så vart ført vidare på Heavy Horses og Stormwatch.»
Mottaking
Songs from the Wood var det første Tull-albumet som fekk positive meldingar over heile fjøla sidan Living in the Past (1972). AllMusic kalla albumet «det venaste Jethro Tull-albumet sidan minst Thick as a Brick».
I meldinga for Heavy Horses (1978) i Rolling Stone stod det at Songs from the Wood «kan ha vore det beste albumet gruppa spelte inn.»
Songs from the Wood var med på lista The 100 Greatest Prog Albums of All Time av Prog på ein 76. plass.
Salslister Albumet har selt meir enn éin million eksemplar i USA og nådde åttandeplassen på Billboard-lista, som det siste albumet deira som nådde topp 10 i USA. Songen «The Whistler» var den einaste songen som gjekk inn på lista som singel i USA, då han nådde 59. plassen på Billboard Hot 100 våren 1977. I Danmark nådde albumet åttandeplassen.Jethro Tull - «Songs from the Wood» song on Danish Charts at http://DanskeHitLister.dk I Storbritannia selde albumet over 100 000 eksemplar og nådde 13. plassen på UK Albums Chart.
Plateomslag Plateomslaget syner Ian Anderson ute i skogen. Det er eit bilete som er teikna over, noko ein kan sjå på trea, støvlane til Anderson og snuten på hunden. Det vart laga av kunstnaren Jay L. Lee.
Innhald
40-årsjubileumsutgåva frå 2017 - The Country Set
Den 17. mai 2017 gav Jethro Tull ut albumet på ny i ein plateboks med fem plater. Dette kom med eit hefte på 96 sider med kommentarar av kvart enkelt song og tilknytte innspelingar av Anderson. Steven Wilson miksa heile albumet og bonusspora på nytt, inkludert dei tidlegare ikkje utgjevne «Old Aces Die Hard» og «Working John, Working Joe». Den andre og tredje plata inneheld 22 konsertopptak som ikkje før var gjevne ut, spelt inn under den amerikanske delen av Songs from the Wood-turneen i 1977 frå 21. november til 6. desember, miksa av Jakko Jakszyk. Samlinga inneheld òg DVD-ar.
Medverkande Jethro Tull Ian Anderson – solovokal, fløyte, akustisk gitar, mandolin, cymbal, tinnfløyte; alle instrument (på spor 2).Jethro Tull - Songs from the Wood (1977) album liner notes [Album cover]. Chrysalis. Martin Barre – elektrisk gitar, lutt John Glascock – korvokal, bassgitar John Evan – piano, orgel, synthesizer Dee Palmer – piano, berbart pipeorgel, synthesizer Barriemore Barlow – trommer, perkusjon, marimba, klokkespel, bjøller, nakers, tabor
Andre medverkande Robin Black – lydteknikar Thing Moss og Trevor White – assisterande lydteknikarar Keith Howard – treutskjering Jay L. Lee – framside Shirt Sleeve Studio – bakside
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Songs from the Wood» frå , den 12. mai 2019. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Ground and Sky Cup of Wonder
Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Jethro Tull-album Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Island Records-album Kategori:Album produserte av Ian Anderson Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios