«Watcher of the Skies» er den første songen på albumet Foxtrot av Genesis frå 1972. Tittelen er lånt frå John Keats-diktet «On First Looking into Chapman's Homer» frå 1817: Then felt I like some watcher of the skies When a new planet swims into his ken;Keats' poem

Songen opna ofte konsertane til bandet og eit konsertopptak finst på albumet Genesis Live frå 1973. Songen opnar med ein introduksjon spelt på Mellotron. I følgje Tony Banks var introduksjonen meint å ta nytte av dei tonale styrkane til Mellotron-modellen han nytta på denne tida:

«Det var gjort melodramatisk med vilje for å mane fram eit inntrykk av utruleg storleik. Det var ein usedvanleg lyd. På den gamle Mellotron Mark 2 var det desse to akkordane som høyrdest verkeleg bra ut på det instrumentet. Det var somme akkordar du aldri kunne spele på det instrumentet fordi dei ville vere så ustemte. Desse akkordane skapte ein utruleg atmosfære. Det er derfor det er eit særs bra introduksjonsnummer. Han høyrdest aldri så bra ut på den seinare Mellotronen».The Genesis Museum: Genesis Songbook 1977

Dei to akkordane det er snakk om er Hmaj7/F# og C#/F#.Transkripsjon av opninga av songen Den lange klaverintroduksjonen glir over i hovuddelen, der ein staccato enkel note vert repetert i 6/4-takt (liknande rytmen i 5/4-takt frå «Mars» i Gustav Holst sin Planetane) spelt over eit mønster med vedvarande orgelakkordar. Etter versa kjem det ein uvanleg polyrytme-del, der staccatoriffet vert endra til 8/4-takt, spelt mot ein Mellotron/orgeldel i 6/4-takt.

Teksten vart skriven av Banks og Mike Rutherford under ein lydsjekk for ein konsert i Napoli. Medan dei såg over det aude landskapet ved flyplassen der dei øvde, lurte dei på korleis ei folketom jord ville sjå ut for eit romvesen som vitja jorda.

Han opna konsertane til bandet i 1972-1974 og vart spelt fast på konsertane deira til inn i 1980-åra. I nyare år har han vorte spelt som ein medley i lag med songen «It» (frå The Lamb Lies Down on Broadway), som ein kan høyre på Three Sides Live. Songen vart aldri framført med tekst etter at Gabriel slutta i bandet. thumb|160px|left|«Watcher of the Skies», Gabriel i Toronto i 1974

Under konsertane hadde Peter Gabriel på seg store flaggermusvengjer på sida av hovudet, UV-sminke krig augo som lyste i ultrafiolett lys og ei mangefarga kappe.

Songen vart spelt inn på ny i 1972 i ein heilt annleis og forkorta singelversjon. Denne versjonen vart gjeven ut på ny i 1998 på plateboksen Genesis Archive 1967-75.

Songen vart framført av Phish under seremonien for Rock & Roll Hall of Fame i 2010, då Genesis vart innlemma i æresgalleriet.

Medverkande Peter Gabriel: vokal, tamburin, basstromme Steve Hackett: elektrisk gitar Mike Rutherford: bass, korvokal Phil Collins: trommer, korvokal Tony Banks: Hammondorgel, Mellotron, korvokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Watcher of the Skies» frå , den 24. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Genesis-songar Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Songar skrivne av Peter Gabriel Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Phil Collins Kategori:Songar skrivne av Steve Hackett Kategori:Songar skrivne av Mike Rutherford