Ayman al-Zawahiri () er ein egyptisk islamist rekna som medgrunnleggjar av al-Qaida og leiar frå juni 2011, etter at Osama bin Laden blei drepen i mai same året.

Al-Zawahiri kjem frå ein framståande familie frå Kairo. Bestefaren hans var storimam ved den respekterte sunnilærestaden al-Azhar medan ein onkel var den første generalsekretæren i Den arabiske ligaen. Faren var professor i medisin ved Universitetet i Kairo. Al-Zawahiri sjølv hadde ein god skulegang og var ferdig utdanna lege ved Universitetet i Kairo i 1974. Fire år seinare tok han mastergrad i kirurgi.

Allereie som femtenåring blei al-Zawahiri arrestert for medlemskap i Den muslimske brorskapen, som var forboden i Egypt. Han var seinare med på å grunnleggja Egyptisk islamsk jihad. Etter attentatet mot president Anwar Sadat i 1981 var han ein av fleire hundre som blei fengsla. Al-Zawahiri blei dømt for ulovleg våpenhald og dømt til tre år i fengsel. Etter fengselsopphaldet, der han blei torturert, drog han til Saudi-Arabia der han møtte Osama bin Laden. Då bin Laden grunnla al-Qaida i 1998 var al-Zawahiri ein viktig støttespelar. Han er rekna som ein rådgjevar og strategiplanleggjar, og er blitt skulda for å ha planlagd bombinga av World Trade Center i 1993, turistmassakren ved Luxor i 1997 og bombeåtaka mot dei amerikanske ambassadane i Tanzania og Kenya i 1998. Han skal òg ha teke del i planlegginga av terroråtaka i USA den 11. september 2001.

Bakgrunnsstoff Fatwa from World Islamic Front for Jihad against Jews and Crusaders, Federation of American Scientists, utsegn med bin Laden, 23. february 1998 Ayman Al-Zawahiri's Knights under the Prophet's Banner: the al-Qaeda Manifesto , Youssef H. Aboul-Enein, Military Review, January–February 2005 report on the al-Zarqawi video tape, CNN, January 2006

Kjelder

Oliver Harvey, Brain of Terror: Osama's No2 unveiled as new al-Qaeda leader, 17th June 2011, thesun.co.uk Ayman al-Zawahiri appointed as al-Qaeda leader, 16 June 2011, bbc.co.uk

Kategori:Al-Qaida Kategori:Egyptarar Kategori:Sunnimuslimar Kategori:Krigen mot terrorisme