Dordogne er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Aquitaine, og er kalla opp etter elva med same namn. Préfecture (administrasjonsstad) i departementet er Périgueux. Andre sentrale byar i Dordogne er Bergerac og Sarlat.
Historie Dordogne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Périgord.
Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Haute-Vienne, Corrèze, Lot, Lot-et-Garonne, Gironde, Charente-Maritime og Charente.
Dordogne er det tredje største departementet i den europeiske delen av Frankrike.
Demografi Innbyggjarane i departementet vert kalla périgordiens eller périgourdins.
Turisme mini|venstre|Dordogne i august 2003 Det er om lag 1000 slott i Dordogne, inkludert: Beynac Biron Bourdeilles Castelnaud-la-Chapelle Commarque Milandes Monbazillac Pécany
Området er best kjend for sin vakre natur, mange borger frå mellomalderen og fleire førhistoriske holer. Den mest kjende hola er Lascaux ved Montignac som viser holemåleri som er 15000 - 17000 år gamle.
Økonomi Landbruksspesialitetar i området er raudvin, gåseleverpostei og valnøtter.
Bakgrunnsstoff
Prefekturet si nettside Offisiell nettside Bilete frå Dordogne Reiseguide for Dordogne Landsbyar og slitt i Dordogne
Kategori:Franske departement