Dolyna (ukrainsk Долина, polsk Dolina) er ein by i Ivano-Frankivsk oblast (provins) sørvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Dolyna rajon (distrikt). Byen har kring 20 000 innbyggjarar.

Byen har ei historie som går attende til 900-talet og er ein av dei eldste i regionen. På 1300-talet vart Dolyna kjend for saltgruvene sine. I 1349 kom byen under Polen og i 1525 fekk han byrettar. I 1772 fall byen til austerrikarane og mista i 1791 bystatusen. Etter at Austerrike-Ungarn kollapsa kjempa Polen og Ukraina om kontroll over Dolyna i ein brodermorderisk strid vunnen av polakkane. I mellomkrigstida høyrte byen til Stanisławów voivodskap og var senter i Dolina fylke. Nabolandsbyane var busette av tyske nybyggjarar.

Under andre verdskrigen vart byen okkupert av sovjetarane og tyskarane og sidan innlemma i Ukrainske SSR. I 1950-åra vart det oppdaga olje i regionen som i 1958 produserte 65 % av all olja som vart utvunnen i Ukraina.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dolyna» frå , den 3. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Uoffisiell nettstad (ukrainsk)

Kategori:Byar i Ivano-Frankivsk oblast Kategori:Shtetlar