Ingvild Vaggen Malvik () er ein norsk politiker. Ho vart vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag for Sosialistisk Venstreparti i 2001 og ho var vararepresentant i perioden 2005–2007. Også då møtte ho fast, sidan Øystein Djupedal var medlem av regjeringa.
Ingvild Vaggen Malvik vart fødd i Trondheim, som dotter til sjukepleiar Aasa Vaggen (f. 1930) og dreiar Henry Normann Malvik (f. 1933). Ho utdanna seg sidan til cand.polit. i statsvitskap frå NTNU (2000), og har arbeidd som utreiar for Framtiden i våre hender, vitskapeleg assistent og forskar ved NTNU.
Ho var varamedlem av Malvik kommunestyre 1991-1995 (møtte fast 1994-95) for Arbeidarpartiet og medlem av Sør-Trøndelag fylkesting 1995-1999. Ho var leiar av Sør-Trøndelag AUF 1991-1993 og styreleiar i Framtiden i våre hender 1998-01.
Ingvild Vaggen Malvik arbeider som seniorrådgivar i NVE.
Stortingets presidentskap 2001–2005 sekretær i Lagtinget.
Stortingskomitéar
2005–2007 medlem i Næringskomiteen 2001–2005 medlem i Energi- og miljøkomiteen 2001–2005 varamedlem i Valkomiteen
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ingvild Vaggen Malvik» frå , den 4. oktober 2012.
Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Folk frå Malvik