«The Carpet Crawlers», stundom skrive «Carpet Crawl», «The Carpet Crawl» eller «Carpet Crawlers», er ein song av Genesis frå konseptalbumet deira The Lamb Lies Down on Broadway frå 1974. Han vart spelt inn på ny i 1999 som «The Carpet Crawlers 1999».
I denne delen av The Lamb-soga er hovudperson Rael i ein korridor med raudt teppe fylt med knelande folk som langsamt kryp mot ei raud dør i enden av gangen. Rael spring forbi dei og går gjennom døra. Bak døra er det eit flott matbord, og bak bordet ei spiraltrapp som forsvinn ut av syne.
Utgjevingar «The Carpet Crawlers» finst òg på Genesis: In Concert frå 1976 med Bill Bruford på trommer, og på Seconds Out frå 1977. Han vart òg spelt på turneane i 1978, 1980, 1981 og Six of the Best-konserten med Peter Gabriel. Ein nyinnspelt versjon kalla «Carpet Crawlers 1999» vart gjeven ut på samlealbumet Turn It on Again: The Hits; dette er den siste innspelinga så langt med besetninga Peter Gabriel, Steve Hackett, Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford. Songen finst òg på konsertalbumet Live Over Europe 2007 og konsert-DVDen When in Rome 2007.
Medverkande Peter Gabriel: solovokal, harmonivokal (1999-versjon) Steve Hackett: elektrisk gitar Mike Rutherford: 12-strengs gitar, bassgitar (berre på 1999-versjonen), basspedalar Phil Collins: trommer, korvokal, harmonivokal (1999-versjonen) Tony Banks: ARP Pro-Soloist, RMI electra-piano
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Carpet Crawlers» frå , den 6. oktober 2012.
Kategori:Genesis-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1999 Kategori:Rockeballadar Kategori:Softrocksongar Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Phil Collins Kategori:Songar skrivne av Mike Rutherford Kategori:Songar skrivne av Peter Gabriel Kategori:Songar skrivne av Steve Hackett
ka:The Carpet Crawlers#The Carpet Crawlers 1999