Aud er eit norrønt kvinnenamn og ein namnedel som tyder rikdom. Aud har namnedag 30. juli.

Det er om lag 13 500 nordmenn som ber namnet (SSB 2005). Det hadde ei jamn popularitetsstiging frå rundt 1920 med ein topp rundt 1939, før bruken sokk like jamnt mot 1960. I dag er det lite brukt.

Ein finn «Aud» i namnesamansetjingar som Audborg, Audfrid og Audhild.

Kjende namneberarar Aud den djuptenkte, islandsk sogehelt Aud Egede Nissen (1893-1974), norsk stumfilmskodespelar Aud Schønemann (1922-2006), norsk skodespelar Aud Korbøl (f. 1940), norsk forfattar Aud Inger Aure (f. 1942), norsk jurist og KrF-politikar Aud Blankholm (f. 1947), norsk organisasjonskvinne Aud Gaundal (f. 1949), norsk politikar og stortingsrepresentant (Ap) Aud Søyland (f. 1954), norsk målkvinne og SV-politikar Aud Berit Alsaker Haynes (f. 1955), norsk lokalpolitikar

Sjå og Audhumbla, viktig ku i norrøn gudelære Otto

Bakgrunnsstoff

kategori:førenamn av norrønt opphav kategori:kvinnenamn kategori:namnedelar kategori:namn knytte til eigedom