Khersónisos (gresk Χερσόνησος) er ein by og kommune nord på Kreta i Hellas. Byen ligg om lag 25 kilometer aust for Iráklio og vest for Ájos Nikólaos. Det som til vanleg vert kalla Khersónisos er halvøya og hamna Liménas Khersonísou. Khersónisos er ein del av periferieininga Iráklio, og ligg 25 kilometer frå Iráklio internasjonale lufthamn, Níkos Kazantzákis og 27 kilometer frå Iráklio hamn. Kommunesenteret ligg i landsbyen Goúrnes.

Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Khersónisos, no kommunaleininga Khersónisos Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Khersónisos Episkopí Goúves Mália Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 27 220 innbyggjarar, medan kommunaleininga Khersónisos hadde 12 095 og tettstaden med same namn 1 301 innbyggjarar.

Turisme Khersónisos er retta mot reiselivsnæringa, og er ein populær stad for nederlandske, irske, serbiske og tyske statsborgarar. I nærleiken av hamnen ligg fleire nederlandske snackbarar og irske pubar.Hersonissos Nightlife På austsida er store hotell og Star Beach med mellom anna barar, symjebasseng, spel og go-kart. I hovudgata er det mange souvenirbutikkar samt andre butikkar og restaurantar. Khersónisos har òg eit lite akvarium kalla Aquaworld Aquarium, der dei har fisk og andre sjødyr frå havet utanfor Khersónisos.Aquaworld Aquarium Lychnostatis Open Air Museum er ein rekreaksjon av ein tradisjonell kretisk landsby.Lychnostatis Open Air Museum I tillegg er nattelivet viktig, og byen har diskotek, nattklubbar, barar og pubar. Byen har òg strender.

Som mange lokalsamfunn på Kreta er den lokale økonomien ikkje berre basert på turisme, men òg landbruk. Om hausten, då dei fleste turistane er vekke, tener mange penger på å hauste oliven.

Populærkultur Den nederlandske versjonen av den amerikanske fjernsynsserien Jersey Shore vart spelt inn i Khersónisos. Serien er kalla Oh Oh Cherso og handlar om ei gruppe unge menneske frå Haag som er på ferie i Khersónisos.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Mália Mália 3 224 3 522 Káto Goúves Goúves 2 153 2 630 Liménas Khersonísou Khersónisos 2 968 2 469 Goúrnes Goúves 1 628 1 877 Kháni tou Kokkíni Goúves 1 755 1 733 Khersónisos Khersónisos 1 115 1 301 Análipsi Khersónisos 1 343 1 107 Karterós Goúves 810 1 106 Stalída Mália 1 237 1 092 Vathianós Kámbos Goúves 946 1 080 Episkopí Episkopí 962 933 Eléa Goúves 884 929 Mokhós Mália 825 751 Goúves Goúves 539 633

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hersonissos» frå , den 7. oktober 2012.

Bakgrunnsstoff http://www.go2hersonissos.eu/party/default1.asp http://www.hersonissosonline.gr http://www.hersonisos.com/ Robert E. Bell (1989) Place-names in classical mythology: Greece, ABC-CLIO, 350 pages ISBN 0-87436-507-4 Hersonissos history C. Michael Hogan, Knossos fieldnotes, Modern Antiquarian (2007) National Statistical Service of Greece

Khersonisos Khersonisos Khersonisos Khersonisos