May Valle () er ein norsk adjunkt og politikar busett på Oppeid i Hamarøy kommune. Ho representerer òg Venstre på Nordland Fylkesting.
Valle var ordførar i Hamarøy i to samanhengande periodar frå 1995 til 1999 og gjenvald med nesten reint fleirtal i perioden frå 1999 til 2003. Ho blei gjeninnvald til kommunestyret i 2007 som representant for Samarbeidslista for Venstre og partipolitisk uavhengigeAvisa Nordlands artikkel 10.09.2007: Ti kvinner innvalgt i Hamarøy. Besøkt 11. oktober 2012. og vald inn til den første perioden sin på Fylkestinget som representant for Venstre, der ho vart medlem av Samferdselskomitéen.
Frå februar 2009 til 2011 var Valle fylkesråd for samferdselAvisa Nordlands artikkel 03.02.2009: ...nye fylkesråder. Besøkt 11. oktober 2012. og i perioden frå 2011 til 2015 gruppeleiar for Venstre si fylkestingsgruppe i tillegg til kommunestyrerepresentant i Hamarøy.
May Valle var nominert på andreplass på lista til Nordland Venstre til Stortingsvalet 2013.Avisa Nordlands artikkel 16.09.2012: May Valle tapte votering. Besøkt 09. oktober 2012.
Referansar
Kategori:Ordførarar i Hamarøy Kategori:Venstreordførarar i Nordland Kategori:Norske pedagogar