60. sørlege breiddesirkelen er ein breiddegradssirkel som ligg 60 gradar sør for ekvator. Det ligg ingen landområde langs sirkelen og han kryssar ikkje noko anna enn hav. Det næraste landområdet er Coronationøya (Melson Rocks eller Governorøyane) i Sør-Orknøyane, som ligg kring 54 km sør for sirkelen, og Cookøya i Sør-Sandwichøyane, som ligg kring 57 km nord for sirkelen.

Sirkelen markerer den nordlege grensa til Sørishavet (somme organisasjonar og land, mellom anna Australia, har andre definisjonar) og Antarktistraktaten. Han markerer òg den sørlege grensa til Den kjernevåpenfrie sonen i Sør-Stillehavet og Den kjernevåpenfrie sona i Latin-Amerika.

Ved desse breiddene er sola synleg i 18 timar og 52 minutt ved sommarsolkverv og 5 timar, 52 minuttar ved vintersolkverv. Den 21. desember er sola 53,83 grader opp på himmelen og den 21. juni 6,17 grader.

Breiddegraden vert stundom kalla «Screaming 60's», dei skrikande 60-gradene, på grunn av den kraftige vestavinden som ofte finst her og som skapar bølgjer opp mot 15 meter. Vindstyrken kan gjerne nå over 40 m/s.

Kring verda Frå nullmeridianen og austover, kryssar den 60. sørlege breiddegradssirkelen gjennom:

{| class="wikitable plainrowheaders" ! scope="col" width="125" | Koordiantar ! scope="col" | Land, territorium eller hav ! scope="col" | Merknad |-valign="top" | style="background:#b0e0e6;" | ! scope="row" style="background:#b0e0e6;" | Grensa mellom Atlanterhavet / Sørishavet | style="background:#b0e0e6;" | |-valign="top" | style="background:#b0e0e6;" | ! scope="row" style="background:#b0e0e6;" | Grensa mellom Indiahavet / Sørishavet | style="background:#b0e0e6;" | |-valign="top" | style="background:#b0e0e6;" | ! scope="row" style="background:#b0e0e6;" | Grensa mellom Stillehavet / Sørishavet | style="background:#b0e0e6;" | |-valign="top" | style="background:#b0e0e6;" | ! scope="row" style="background:#b0e0e6;" | Grensa mellom Atlanterhavet / Sørishavet | style="background:#b0e0e6;" | Passerer gjennom Drakesundet mellom Sør-Amerika og Den antarktiske halvøyaog går nær den sørlege grensa til Scotiahavet

Sjå òg 59. sørlege breiddesirkelen 61. sørlege breiddesirkelen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «60th parallel south» frå , den 14. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Breiddegrader