Praktrosella, Platycercus eximius, er er ein rosella som er stadeigen for det søraustre australske kontinentet medrekna Tasmania. Rosellaer er ei biologisk slekt i parakittfamilien. Arten er introdusert til New Zealand der ville populasjonar er funne på Nordøya,Falla RA, Sibson RB & Turbot EG (1966) A Field guide to the birds of New Zealand. Collins, London (ISBN 0-00-212022-4) særleg i den nordlege halvdelen av øya og i Hutt Valley, i tillegg finst han i åsane rundt Dunedin på Sørøya.Te Ara: The encyclopedia of New Zealand online
Praktrosella er 30 centimeter lang. Han har eit raud hovudet og kvite kinn. Nebbet er kvitt og irisen er brun. Øvre delen av brystet er raudt og nedre del er gult som falmar til bleik grøn over buken. Fjørene på rygg og skuldra er svarte med gullege eller grønlege kantar som gjev opphav til ein skjelaktig utsjånad, men er varierande mellom underartar og kjønna. Vengene og ytre halefjører er blålege medan halen er mørk grøn. Beina er grå. Hoa er lik den hannfuglen, skjønt mattare i farger og har ei stripe på undervengen som ikkje er tilstades hos vaksne hannar. Ungfuglar er mindre iaugefallande enn hoene og har stripa på undervengen.Forshaw (2006). plate 56.
mini|venstre|Praktrosella
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eastern Rosella» frå , den 14. oktober 2012. oppgav desse kjeldene: Simpson, K and Day, N,. Field Guide to the Birds of Australia (Simpson & Day) 7th edition, 2004 ISBN 0-670-04180-7 Forshaw, Joseph M. & Cooper, William T. (1978): Parrots of the World (2nd ed). Landsdowne Editions, Melbourne Australia ISBN 0-7018-0690-7
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Parakittar Kategori:Fuglar i den australske regionen