United States Geological Survey (USGS, norsk USAs geologiske undersøkingar) er eit statleg, vitskapleg byrå i USA. Forskarar i USGS studerer landskapet i USA, naturressursar og naturfarar som trugar landet. Byrået har fire store fagfelt som omfattar biolog, geografi, geologi og hydrologi. USGS er ein forskingsorganisasjon som søker etter informasjon og har ikkje nokre lovmessig ansvarsområde.

Byrået er underlagt Innanriksdepartmentet i USA og er dette departmentet sitt einaste vitskaplege byrå. USGS har kring 8500 tilsette og har hovudkvarter i Reston i Virginia. USGS har òg store kontor i Lakewood i Colorado og Menlo Park i California.

Mottoet til USGS er «Vitskap for ei verd i endring.»

USGS er Noreg sitt svar på Noregs geologiske undersøkingar og Statens kartverk.

Leiarar 1879–1881: Clarence King 1881–1894: John Wesley Powell 1894–1907: Charles Doolittle Walcott 1907–1930: George Otis Smith 1930–1943: Walter Curran Mendenhall 1943–1956: William Embry Wrather 1956–1965: Thomas Brennan Nolan 1965–1971: William Thomas Pecora 1971–1978: Vincent Ellis McKelvey 1978–1981: Henry William Menard 1981–1993: Dallas Lynn Peck 1994–1997: Gordon P. Eaton 1998–2005: Charles G. Groat 2006–2009: Mark Myers 2009–2013: Marcia McNutt 2014–2017: Suzette Kimball 2018–2021: James F. Reilly 2022–2025: David Applegate 2025-: Ned Mamula

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «United States Geological Survey» frå , den 16. oktober 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elliott Cresson-medaljen Kategori:Geologiske byrå Kategori:Skipingar i 1879