Anouk Teeuwe (), kjend som Anouk, er ein nederlandsk songar.

Anouk er den mest populære rockeartisten i Nederland. Etter å ha vorte oppdaga av vokalisten i gruppa Golden Earring slo ho gjennom som songar i 1997 med singelen «Nobody's Wife». Etter det har Anouk hatt fleire singlar på den nederlandske og belgiske hitlista, mellom anna «R U Kiddin' Me», «Michel», «Girl», «Lost», «One Word», «I Don't Wanna Hurt», «Modern World», «Three Days in a Row» og «Woman». Ho har i tillegg gjeve ut åtte studioalbum.

Anouk vart vald ut til å representere Nederland i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anouk (singer)» frå , den 17. oktober 2012.

Fotnotar

Kategori:Folk frå Haag Kategori:Nederlandske songarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-deltakarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2015-låtskrivarar