Sir James Clark Ross () var ein engelsk sjøfarar og oppdagar.

Allereie som tolvåring byrja Ross tenesta si i Royal Navy og i 1818 deltok han i ein ekspedisjon under leiing av onkelen sin John Ross som leitte etter Nordvestpassasjen. Mellom 1819 og 1825 deltok Ross i fleire polarekspedisjonar under leiing av William Edward Parry, òg desse ekspedisjonane langs nordvestpassasjen. I 1827 gjorde Parry og Ross eit forsøk på å nå den geografiske nordpolen. Parry trudde at Nordishavet berre inneheldt ei mindre stripe av is og difor vart mindre båtar lasta på sleder som vart trekt over isen. Ved 82° nordleg breidde vart dei tvinga til å gjere vendereis.

Mellom 1829 og 1831 deltok James Clark Ross i onkel John Ross den andre arktiske ekspedisjonen sin. Den 1. juni 1831 fann dei, som den første ekspedisjonen, den magnetiske nordpolen, som på den tida låg ved Cape Adelaide på Boothia Peninsula.

Den 29. september 1839 byrja Ross ein eigen ekspedisjon med fartøya HMS «Erebus» og HMS «Terror» til Antarktis. Som leiar for skipet «Terror» valde Ross sin nære ven Francis Crozier. I 1841 oppdaga han Rosshavet og dei to vulkanane Mount Erebus og Mount Terror, oppkalla etter dei to fartøya i ekspedisjonen. Dei sigla langs iskanten som inntil då ikkje hadde vore kjent og namngav han Victoria Barrier, seinare omdøypt Ross isbrem til minnet hans. Året etter utforska dei austsida av det som no blir kalla James Ross Island og oppdaga og namngav Snow Hill Island og Seymour Island.

Ekspedisjonen kom tilbake til England 4. september 1843. Året etter vart han adla og tildelt den franske Æreslegionen.

Sjå òg «Sir James Clark Ross» (I), flytande kvalkokeri «Sir James Clark Ross» (II), flytande kvalkokeri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «James Clark Ross» frå , den 19. oktober 2012.

Bakgrunnsstoff Biografi Dictionary of Canadian Biography Online

Kategori:Britiske polfararar Kategori:Britiske oppdagarar Kategori:Arktiske polfararar Kategori:Britiske antarktisfararar Kategori:Oppdagarar i Nordishavet Kategori:Oppdagarar i Sørishavet Kategori:Oppdagarar på 1800-talet Kategori:Offiserar i Royal Navy Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Æreslegionen Kategori:Folk frå London