Hoodwink Island er ei øy som ligg 1 nautiske mil aust for Arrowsmith Peninsula i Lallemand Fjord i Graham Land i Antarktis. Ho vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) frå landmålingar og flyfoto, 1955–57, og fekk dette namnet av UK Antarctic Place-Names Committee fordi øya narra geologar landmålarar i FIDS som mistolka den geologiske samansetninga på øya og feilaktig identifiserte ein nærliggande landmålingsstasjon under ei lokal triangulering. Hoodwink er eit engelsk ord for å «narre», «forblinde» eller «føre bak lyset».
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kjelder
Kategori:Øyar i Graham Land Kategori:Loubet Coast