mini|Gazastripa, med israelsk-kontrollerte grenser og avgrensa fiskesone. mini|Sentrum av Gaza, 2012.

Gazastripa (), eller berre Gaza, er eit sjølvstyrt område på austkysten av Middelhavet med ei 11 km lang grense til Egypt i sørvest og ei 51 km lang grense mot Israel i aust og nord. Sidan 2007 har Gazastripa i røynda vore styrt av Hamas, ein palestinsk fraksjon som hevdar å vere rettmessige representantar for Dei palestinske sjølvstyresmaktene og det palestinske folket. I 2012 anerkjente Dei sameinte nasjonane Gazastripa som ein del av Staten Palestina. Eit felles styre vart eidfesta den 2. juni 2014.

Sunnimuslimar utgjer den største delen av den palestinske folkesetnaden på Gazastripa, som har ein årleg folkevekst på 3,01%, den 9. høgaste i verda. Området er 41 km langt, og frå 6 til 12 km breitt, med ei samla flatevidd på 365 kvadratkilometer.Arie Arnon, Israeli Policy towards the Occupied Palestinian Territories: The Economic Dimension, 1967-2007. MIDDLE EAST JOURNAL, Volume 61, No. 4, AUTUMN 2007 (p. 575) I 2014 var folketalet på Gazastripa kring 1,82 million innbyggjarar.Gazastripa på CIA World Factbook

Gazastripa oppnådde den nordlege og austlege grensa då kampane slutta etter krigen i 1948, og dette vart stadfesta i den egyptisk-israelske våpenkvileavtalen den 24. februar 1949.Egypt Israel Armistice Agreement UN Doc S/1264/Corr.1 23. februar 1949 Artikkel V i avtalen erklærte at grenselinja ikkje var ei landegrense. Først vart Gazastripa offisielt administrert av All-Palestina-styret, som vart grunnlagd av Den arabiske ligaen i september 1948. All-Palestina på Gazastripa vart styrt av dei militære styresmaktene i Egypt, og fungerte som ein marionettstat, fram til området offisielt vart slått saman med Den sameinte arabiske republikken og oppløyst i 1959. Frå tida etter det all-palestinske styret vart oppløyst og fram til 1967, vart Gazastripa direkte administrert av ein egyptisk militærguvernør. Israel erobra Gazastripa frå Egypt i seksdagarskrigen i 1967. I høve Osloavtalen, som vart signert i 1993, vart Den palestinske sjølvstyresmakta forvaltingsorganet som styrte dei palestinske folkesentra, medan Israel hadde kontroll over luftrom, territorialfarvatn og grenseovergangar, utanom landgrensa mot Egypt. I 2005 trekte Israel seg ut frå Gazastripa. Sidan juli 2007, etter det palestinske valet i 2006 og Hamas tok over i 2007, har Hamas i røynda hatt makta på Gazastripa, og danna ei alternativ Hamas-regjering i Gaza. Staten Palestina gjer krav på Gazastripa, men forsoningssamtalar med Hamas har så langt ikkje ført fram.

Historie

Britisk styre (1923–1948) mini|Gaza krigsgravplass. Palestinamandatet var basert på prinsipp frå Paragraf 22 frå Folkeforbundavtalen og San Remo-resolusjonen frå 25. april 1920 av dei viktigaste allierte etter den første verdskrigen.Palestina Royal Commission Report Presented by the Secretary of State for the Colonies to Parliament by Command of His Majesty, July 1937, Cmd. 5479 . His Majesty’s Stationery Office., London, 1937. 404 pages + maps. Mandatet formaliserte britisk styre i den sørlege delen av Osmansk Syria frå 1923 til 1948.

All-Palestina-styret Den 22. september 1948, mot slutten av den arabisk-israelske krigen i 1948, vart All-Palestina-styret oppretta av Den arabiske ligaen i Gaza by, som då var okkupert av Egypt. Det var delvis eit forsøk frå Den arabiske ligaen på å avgrense makta til Transjordan i Palestina. Det all-palestinske styret vart raskt anerkjent av seks av då sju medlemmar av Den arabiske ligaen: Egypt, Syria, Libanon, Irak, Saudi-Arabia og Jemen, men ikkje av Transjordan. Det vart heller ikkje anerkjent av noko land utafor Den arabiske ligaen.

Etter kampane opphøyrte, oppretta våpenkvileavtalen mellom Egypt og Israel den 24. februar 1949 ei separasjonslinje mellom egyptiske og israelske styrkar, og oppretta det som vart dagens grense mellom Gazastripa og Israel. Begge sider erklærte at grensa ikkje var ei landegrense. Den sørlege grensa med Egypt fortsette å vere ei landegrense, slik han hadde vore det sidan 1906 mellom Det osmanske riket og Det britiske imperiet. s. 369–370.

Palestinarar som budde på Gazastripa eller Egypt fekk alle all-palestinske pass. Egypt tilbaud dei ikkje borgarskap. Frå slutten av 1949 fekk dei hjelp direkte frå UNRWA. Under Suezkrisa i november 1956, vart Gazastripa og Sinaihalvøya okkuperte av israelske soldatar, som trekte seg attende etter internasjonalt press. Regjeringa vart skulda for å berre vere ei fasade for egyptisk kontroll, med lite sjølvstendig makt. Regjeringa flytta så til Kairo og vart oppløyst i 1959 av ein resolusjon frå den egyptiske presidenten Gamal Abdul Nasser.

Egyptisk okkupasjon (1959–1967) mini|venstre|Che Guevara vitjar Gaza i 1959. mini|Gaza i 2003. Etter oppløysinga av den all-palestinske regjeringa i 1959, under påskot om pan-arabarisme, fortsette Egypt å okkupere Gazastripa fram til 1967. Egypt annekterte aldri Gazastripa, men handsama det i staden som eit kontrollert område som vart styrt via ein militærguvernør.«How has the Gazastripa influenced the Israeli-Palestine conflict?" på ProCon.org som siterer «An Historical Encyclopedia of Arab-Israeli Conflict» Meir enn 200 000 flyktningar kom til Gaza under krigen, og levestandarden falt dramatisk. Fordi dei egyptiske styresmaktene avgrensa rørsle til og frå Gazastripa, kunne ikkje innbyggjarane få seg jobb andre stader.Baster, James, «Economic Problems in the Gaza Strip,» Middle Eastern Journal, Vol. 9, Nr. 3 (sommer 1955), s. 323-327.

Israelsk okkupasjon mini|venstre|Gazastripa i mai 2005. mini|Det islamske universitetet i Gaza. Frå juni 1967, etter seksdagarskrigen, okkuperte Israel Gazastripa. I denne perioden skapte Israel ei busetjingsblokk, Gush Katif, i det sørvestlege hjørnet av stripa, nær Rafah og den egyptiske grensa. I alt oppretta Israel 21 busetjingar på Gazastripa, som utgjorde 20 % av det samla areal. Utanom ideologiske årsaker, vart desse busetjingane oppretta av israelske tryggleiksårsaker.

I mars 1979 signerte Israel og Egypt den egyptisk-israelske fredsavtalen. Mellom anna måtte Israel trekkje attende alle væpna styrkar og sivile frå Sinaihalvøya, som Israel hadde erobra under seksdagarskrigen, attende til landegrensa frå 1906. Egyptarane gjekk med på å halde Sinaihalvøya demilitarisert. Den endelege statusen til Gazastripa, og andre forhold mellom Israel og palestinarar, vart ikkje handsama i avtalen. Egypt sa frå seg alle territorialkrav nord for landegrensa.

Gazastripa vart verande under israelsk militært styre fram til 1994. På den tida var militæret ansvarleg for å halde sivile anlegg og tenester ved like.

Gaza under Den palestinske sjølvstyresmakta mini|venstre|Barrièregjerde. I mai 1994, etter den palestinsk-israelske avtalen kjend som Osloavtalen, vart styret av Gazastripa fasa over til palestinarane. Mykje av Gazastripa (utanom busetjingsblokkene og militærområda) kom under palestinsk kontroll. Dei israelske styrkane forlet Gaza by og andre byområde, og let den nye palestinske sjølvstyresmakta styre desse områda. Den palestinske sjølvstyresmakta, leia av Yasser Arafat, valde Gaza by som det første hovudkvarteret sitt. I september 1995 signerte Israel og PLO ein ny fredsavtale, og Dei palestinske sjølvstyresmaktene fekk kontroll over dei fleste byane på Vestbreidda. Avtalen oppretta òg eit 88 mann stort Palestinsk nasjonalråd, som hadde det første møtet sitt i Gaza i mars 1996.

Den palestinske sjølvstyresmakta, leia av Arafat, leid under alvorleg vanstyre og korrupsjonsskandalar. Til dømes vart det kravd urimelege høge prisar for å la varer passere inn og ut av Gazastripa, medan sjefane i grensevaktapparatet tente stort på involvering i grusimport og sement- og anleggsindustri, slik som Great Arab Company for Investment and Development, al-Motawaset Company og anleggsprosjektet al-Sheik Zayid.

Mellom 1994 og 1996 bygde Israel den israelske sperringa på Gazastripa for å betre tryggleiken i Israel. Barrieren vart stort sett riven ned av palestinarar i byrjinga av Al-Aqsa Intifada i september 2000.

Den andre Intifada Den andre Intifada braut ut i september 2000 med bølgjer av demonstrasjonar, indre uro og bomber mot israelske militære og sivile, mange av dei i form av sjølvmordsbomber. Den andre Intifada markerte òg byrjinga på rakettåtak og bomber av israelske grensebusetjingar av palestinsk gerilja frå Gazastripa, særleg av Hamas og Islamsk Jihad-rørsler .

Mellom desember 2000 og juni 2001 vart barrieren mellom Gaza og Israel bygd opp att. Barrieren mellom Gazastripa og Egypt byrja i 2004. Dei største grenseovergangane var Erez-overgangen inn i Israel i nord, og Rafah-overgangen inn i Egypt i sør. Karni-overgangen i aust, som vart nytta for varer, vart stengd i 2011. Israel kontrollerer dei nordlege grensene til Gazastripa, i tillegg til territorialfarvatnet og luftrommet. Egypt kontrollerer den sørlege grensa til Gazastripa, etter ein avtale mellom dei og Israel.

Tilbaketrekkinga til Israel i 2005 I februar 2005 godtok Knesset ein uttrekkingsplan og byrja å evakuere israelske innbyggjarar frå Gazastripa den 15. august 2005. Evakueringa var fullført den 12. september. Alle israelske busetjingar på Gazastripa og den felles israelske-palestinske Erez industriområde, vart rive ned, og 9 000 israelarar, dei fleste av dei i Gush Katif, vart tvangsflytta.

Den 12. september 2005 erklærte det israelske kabinettet formelt å avslutte den israelske okkupasjonen av Gazastripa. Dei sameinte nasjonane, Human Rights Watch og mange internasjonale organ og ikkje-statlege organisasjonar reknar framleis Israel som ei okkupasjonsmakt på Gazastripa sidan Israel kontrollerer luftrommet, territorialfarvatnet og rørsler av varer og personar over grensa til Gaza.«Human Rights Council Special Session on the Occupied Palestine Territories" 6. juli 2006; Human Rights Watch considers Gaza still occupied. Israel trekte seg òg bort frå Filadelfiruta, ei smal landstripe langs grensa til Egypt, etter at Egypt gjekk med på trygge si side av grensa. Under Osloavtalen, skulle Filadelfiruta vere under israelsk kontroll for å hindre smugling av våpen og folk over den egyptiske grensa, men Egypt gjekk med på å sjølv patruljere området og hindre dette. Israel heldt kontrollen over grenseovergangane inn og ut av Gaza, og Rafah-overgangen mellom Egypt og Gaza vart overvaka med spesielle overvakingskamera.

Det israelske forsvaret forlet Gazastripa den 1. september 2005 som eit ledd i uttrekkingsplanen og alle israelske sivile vart tvinga ut av området. I november 2005 vart det kome til ei semje om rørsle og tilkomst mellom Israel og Den palestinske sjølvstyresmakta for å betre palestinsk fridom til å forflytte seg og drive økonomisk aktivitet på Gazastripa. I høve vilkåra i avtalen, skulle Rafah-overgangen til Egypt opnast opp att, og overgangane skulle overvakast av Dei palestinske sjølvstyresmaktene og Den europeiske unionen. Berre folk med palestinsk ID, eller utlendingar, med unntak av visse kategoriar, underlagt israelsk oversyn, fekk lov å krysse inn og ut. Alle varer, køyretøy og lastebilar til og frå Egypt passserte gjennom Kerem Shalom-overgangen, under fullt israelsk oppsyn.Tanya Reinhart, The Road to Nowhere, Verso, London 2006 s.134-5 Ein kunne òg ta inn varer ved Karni-overgangen i nord.

Etter den israelske tilbaketrekkinga den 12. september 2005 hadde Dei palestinske sjølvstyresmaktene fullt sjølvstyre på Gazastripa. Rafah-overgangen hadde blitt under oppsyn av EU etter den endelege avtalen var ferdig i november 2005. Etter tilbaketrekkinga i 2005 heldt Israel framleis kontroll over luftrommet over og havområdet utafor Gazastripa.

Etter 2006